|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Samferdsle i Lærdal: Dei første dampbåtrutene | "Dampbåt gjennom Sognefjorden" av Georg Anton Rasmussen (1842-1914). Olje på lerret. (© Blomqvist Kunsthandel) |
Ei av dei første dampskipsrutene i Noreg starta mellom Bergen og Lærdalsøyri i 1839. Dette var ei statsdriva postrute. Publisert 15.01.2002 09:41. Oppdatert 10.03.2003 13:50.Dei første åra gjekk det privateigde dampskipet "Bjørgvin", til Noregs første dampskip, hjuldamparen "Constitutionen" tok over frå 1843. Den var eigd av Staten. Men ruta vart stoppa etter kort tid, og i fleire år måtte ein ty til den gamle postordninga - dvs. landevegen frå Voss til Gudvangen, og robåt derfrå til Lærdalsøyri.
Ein freistnad på å skipe nytt dampbåtreiarlag i Bergen i 1848 mislukkast. I åra som fylgde var det berre sporadisk trafikk på Lærdal og resten av Sogn med dampbåtane "Bjørgvin", "Trafik" og "Patriot". Bergensinteressene som stod bak, var no meir opptekne av utanriksruter og kystrutene, og skipa sitt eige Bergenske Damskipsselskab i 1851.
I 1857 vedtok Stortinget å slutte med dei statsdrivne båtrutene. I staden skulle Staten no yte tilskot til private selskap som ville prøve seg. I Sogn og Fjordane skulle dette føre til skipinga av Nordre Bergenhus Amtsbaater - eller Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|