Hansen var den største handelsmannen og jordeigaren på Lærdalsøyri, ordførar i Lærdal 1844-1845 og 1848-1857, og sparebankdirektør.
Han kjøpte også seglskuter og dreiv handel mellom Lofoten og landa kring Østersjøen.
Hansen kjøpte store deler av Lærdalsøyri på auksjon i 1828, og bygde også bustadhuset Hansegarden (sjå denne nedst under "
Gamle bygningar i Lærdal") i 1840, eit hus som er freda og restaurert. Tok i 1839 saman med sokneprest
Nils Rosing Bull initiativet til at Lærdalsøyri måtte få bystatus. Dei fekk utarbeidd ein stor reguleringsplan, der tettstaden skulle byggjast ut i "kvadraturar" (sjå: "
Plan om bystatus for Lærdalsøyri").
Var med i leiinga av Det Nyttige Selskabs vestlandsavdeling (forløparen til Norges Vel).
Medskipar av Fylkesbaatane (sjå
Michael Conrad Sophus Emil Aubert og "
Skiping av Fylkesbaatane").
Vararepresentant til Stortinget 1851 og 1854.
Far til
Tøger Ravn.