SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Samferdsle i Lærdal:

Telegraf til Lærdal i 1858

Vegen frå Habben til Erdal mellom 1890 og 1910. Telegraflina er festa i bergveggen. (Foto © Fylkesarkivet)
Vegen frå Habben til Erdal mellom 1890 og 1910. Telegraflina er festa i bergveggen. (Foto © Fylkesarkivet)
I 1832 konstruerte Samuel Finley Morse verdas første telegrafapparatet, og i 1855 vart den første telegraflina i Noreg bygd mellom Oslo og Drammen. Berre tre år seinare var Lærdalsøyri knytt til telegrafnettet.

Publisert 15.01.2002 10:30. Oppdatert 04.01.2007 15:17.
Grunnen til at Lærdal kom så tidleg med, var at det vart bygd to telegrafliner som skulle knyte dei tre store byane i Sør-Noreg saman: Ei gjekk frå Oslo til Trondheim opp Gudbrandsdalen. Frå Lillehammer vart Bergen knytt til "stamnettet" med ei line Lillehammer-Valdres-Lærdal-Aurland-Voss-Bergen. (Dovre vart knutepunkt for samband til dei 3 Møre-byane).

Framleis spor

Byggearbeidet i Lærdal vart leia av A. Hennum. Framleis kan ein sjå stolpekara etter den første telegraflina på fjellet mellom Erdal og Aurland (den ein ser frå vegen er ei nyare line frå 1876). Dei første telegrafstolpane hadde den einslege strengen festa til ein isolator på stolpetoppen, og dei uimpregnerte stolpane vart herda i rota med blåstein for ikkje å rotne.
Stolpeskuret i Horndalen er teke vare på av Norsk Telemuseum. Foto: Hans H. Thyri


Attåtnæring som telegrambod

Den første styraren for telegrafstasjonen på Lærdalsøyri var Christian Hiorth Stabell (f. 1832). Han var styrar til 1876, og hadde også ein telegrafist i teneste. Dei første åra dreiv mange lærdøler attåtnæring som telegrambod. Ofte måtte dei ro heilt til Kaupanger med telegram. I 1876 vart Mons Olsen fast tilsett som bod og lineoppsynsmann, og frå 1902 tok sonen Ove Wangensten over fram til 1936. Langs telegraflina Valdres-Voss vart det tilsett 15 oppsynsmenn som vart administrerte frå Lærdal.

Oppsyn med linene

På garden Kvigno øvst i Erdalen hadde brukarane i nær på 100 år ansvaret for oppsyn med telegraflinene over fjellet til Aurland. Frå 1945 vart det også drive pensjonat på garden, og i 1946 vart huset utvida til å ta imot 11 gjester. Mangel på elektrisk straum gjorde at pensjonatdrifta vart lagd ned etter få år.

Utbygginga av telegrafen gjekk med eksplosiv fart, og i 1861 fekk fiskeværa Rognaldsvåg, Fanøyvågen og Florø såkalla "fiskeritelegraf" i sildesesongen (sjå "Fiskeritelegrafen varsla sild").

Ny line i 1876

Johannes Kleppe sitt lag måler pilhøgde i telegrafstolpe ved Borgund i 1937. F.v.: Erlend Skjerven frå Vik, telegrafelev Margit Gjervik og Ludvik Nistad frå Fjaler. (Foto © Fylkesarkivet)
Telegraflina frå 1858 over fjellet til Aurland var utsett for uver, og i 1876 vart et bygd ny line. Stolpekara etter denne ligg tett ved fjellvegen. Linearbeidarar vart kalla "graffarar". Mange av graffarane som arbeidde på lina Lærdal - Aurland kom frå Gulen, der det kring Dalsøyra utvikla seg eit miljø for dette yrket. Tilsvarande "graffar-miljø" finn vi i Kjølsdalen i Nordfjord (sjå "Graffarar").
Telefonliner vart bygde over Filefjell i 1895, og i 1896 var heile dalføret knytt til telefonnettet. M.a. fekk alle skysstasjonane installert telefon. Lærdal fekk kontroll- og driftsansvaret for telefonnettet i indre Sogn t.o.m. Balestrand og Vik, og hadde på det meste 70 lokalstasjonar under seg.

Norsk Telemuseum

Telefonstasjonen i Lærdal vart automatisert i 1978, og Televerket (seinare Telenor) har sidan hatt Nummeropplysningssentralen sin plassert i Lærdal. Norsk Telemuseum vart opna på Lærdalsøyri i 1997 i den gamle telegrafbygningen i sentrum. Der held også postmuseet og Gjesme-galleriet til (sjå "Gamle bygningar i Lærdal").



MEIR OM LÆRDAL 
Lærdal kommune

 
Aviser og media i Lærdal
Historia i Lærdal
Industri og næring i Lærdal
Kjende personar i Lærdal
Kommunehistoria i Lærdal
Krigshistoria i Lærdal
Kyrkjer i Lærdal
Samferdsle i Lærdal
Skular i Lærdal
Verd å sjå i Lærdal

 
Lyd frå Lærdal
Video frå Lærdal
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no