SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Lærdal:

Gamle bygningar i Lærdal

Vetestova frå Vetanosi står i dag på Sogn Folkemuseum. (Foto © Oddkjell Bosheim)
Vetestova frå Vetanosi står i dag på Sogn Folkemuseum. (Foto © Oddkjell Bosheim)

Vetestova frå Vetanosi

Fjellet Vetanosi (1132 meter) nord for innløpet til Lærdalsfjorden er eit av dei mest kjende vetepunkta i Sogn. Vetestova (vaktbua) frå fjellet er teken vare på ved De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum.

Publisert 15.01.2002 10:29. Oppdatert 12.06.2006 10:22.

Kyrkjer

Sjå omtale av kyrkjene under "Kyrkjer i Lærdal", hotella i dalen og på Lærdalsøyri under "Gjestgjevarstader i Lærdal". Hovudhuset på Rikheim er omtala under "Storgarden Rikheim". Husa på Kapteinsgarden er omtala under "Kapteinsgarden på Ljøsne".

Husmannsplassen i Galdane

(Foto: Ole Fretheim © Vest Vision)
Husmannsplassen frå 1600-talet i den stupbratte lia ved Galdane vekkjer merksemd hjå turistane. Drifta tok slutt i 1947, men både hus og kulturlandskap ikring er teke vare på og verna. Den dyrka jorda er gjort flatare med høgde steinterasser, og åkerlappane var sjeldan større enn 10-20 kvadratmeter. Orienteringsskilt er sett opp ved europavegen.

Våningshuset på Uppigarden

Våningshuset på Uppigarden, Voll er den tidlegare hovudbygningen på Frønningen-godset. Det vart bygd der av Hans Lem i 1745 og flytta til Voll i 1900. Huset har 2 fulle etasjar.

Kornmagasinet på Øvrevoll

I samband med Napoleonskrigane tidleg på 1800-talet bygde Staten eigne kornmagasin kringom på bygdene for at bøndene skulle vere sikra såkorn i krisetider. I Sogn og Fjordane vart det bygd slike kornmagasin i Lærdal og på Nordfjordeid (sjå Erik O. Nord). Då trongen for kriselager vart mindre, vart kornmagasina selde og inntekta vart brukt som grunnfond ved skiping av lokale sparebankar. Dette skjedde både med Nordfjord Sparebank og Lærdal Sparebank. Det gamle kornmagasinet som opphaveleg stod på Magasinhaugen på prestegarden, vart selt og tener no som stabbur på garden Øvrevoll på Tønjum.

Prestegarden på Tønjum

Hovudhuset på prestegarden på Tønjum vart bygd i 1819-1820. Huset har gjennom tida vorte sterkt ombygd, men er no freda. Prestegarden låg i gamal tid på nordsida av Lærdalselva, og garden på Tønjum vart truleg prestegard tidleg på 1600-talet.

"Gamlebanken". (Foto: NRK)

"Gamlebanken"

Det gamle bankbygget til Lærdal Sparebank (bygd 1925 ved den tidlegare busshaldeplassen ) og ungdomshuset lengre aust (bygd 1922) er begge teikna i såkalla klassisistisk stil av Bergens-arkitekten Johan Lindstrøm. Inngangspartiet og andre bygningsdetaljar har antikke tempel med søylar og gavlar som førebilete. Lindstrøm har også teikna fleire ungdomshus, m. a. på Hermansverk i same stil. Gamlebanken vert no nytta til m.a. turistinformasjon, kulturkontor og kulturskule, og ulike historie-utstillingar.

· Lærdalsøyri som verneområde
· Huset Telegrafen
· Sønneva Eris hus - bakeri og telegrafstasjon
· Stødnahuset - apotek og amtmannsbustad


Omlegg 300 meter aust for sentrum ligg eit gamalt villastrøk for "kondisjonerte" som kallast Einemo. Her finst mange gamle bygningar med historisk sus over seg:

Brattegjerdet

I Brattegjerdet ligg eit stort, kvitmåla hus med vid ark, truleg bygd kring 1850. Huset vart bygd av sokneprest Hannibal Winsnes (1801-1861), men vart i 1877 kjøpt av sakførar, seinare statsminister Othto Albert Blehr og kona Randi Blehr. I den korte tida dei budde i Lærdal, starta Venstre-avisa "Sogns Tidende", og Randi starta eit banebrytande kurs i biletveving.

Einemo

Ligg som naboeigedom til Brattegjerdet, og var kommandantgard for Det Lærdalske Kompani frå 1802 til 1825, då kommandanten flytta over til Kapteinsgarden på Ljøsne. Lensmann Claus Rumohr som 1896-1907 leigde bort storgarden sin på Rikheim til jordbruksskule (sjå "Jordbruksskulen på Rikheim"), bygde eige hus på Einemo.

Doktorbustaden

på Brattegjerdet vart bygd som privatbustad av kjøpmann Johan Møller ca. 1831. Huset var doktorbustad i 120, og frå 1956 rekonvalesentheim før fylket kjøpte eigedomen med innbo og kunstgjenstandar i 1971 for å huse Hjelpepleiarskulen i Lærdal, starta i 1965. På eigedomen har skulen sidan bygd anneks med undervisningsrom og hyblar.

Hansegarden

vart bygd av snekkar Jan Lund frå Bergen i 1840 for den rike handelsmannen, ordføraren m. m. Jan Henrik Nitter Hansen. Jan Lund budde i Lærdal 1838-1858, og samarbeidde mykje med den dyktige bygdesnekkaren Anders Bondehagen. Huset er bygd som eit typisk "byhus" med karakteristiske trekk frå Bergens-stilen, med utsmykka portal og flott ommramming av ovnane. Overlege Per Jerving kjøpte eigedomen i 1974 og restaurerte huset, som no er freda.

MEIR OM LÆRDAL 
Lærdal kommune

 
Aviser og media i Lærdal
Historia i Lærdal
Industri og næring i Lærdal
Kjende personar i Lærdal
Kommunehistoria i Lærdal
Krigshistoria i Lærdal
Kyrkjer i Lærdal
Samferdsle i Lærdal
Skular i Lærdal
Verd å sjå i Lærdal

 
Lyd frå Lærdal
Video frå Lærdal
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no