Vert rekna som den som var bindelekken mellom gamal og moderne norsk biletvevkunst, ved at ho underviste på
Randi Blehr sin biletvevskule i Lærdal:
Vevkurset som berga norsk vevkunst.
Av mora Ragnhild O. Holum (1826-1917) hadde ho lært den eldgamle smettvevsteknikken som gjorde mønstra like på begge sider.
Biletvevteppa til Kjerstina Vangsnes vitnar om ein uvanleg gåverik kunstnar, og det vert sagt at ho kunne veve biletvev på "frihand" - utan hjelp av kartong (mønster).
Det første større arbeidet Kjerstina gjorde,var ein kopi av eit gamalt biletteppe som
Peter Andreas Blix kjøpte til restaureringa av
Hove steinkyrkje i 1887. I 1889 heldt ho sitt første vevkurs ved Randi Blehr sin vevskule i Lærdal. Ein av elevane var Frida Hansen frå Stavanger, som vert rekna som den fremste biletveverska på den tida.
Kjerstina selde m.a. 13 biletteppe til keisar Wilhelm II og kongen av Siam, og arbeida hennar heng m.a. i Gaupne kyrkje, på Troldhaugen og på Sogn Folkemuseum.
Det vert fortalt om Kjerstina at ho var sterkt nasjonalt medviten. Ho bar difor alltid bunad når ho var ute på reise, og dei fleste av biletmotiva på teppa hennar er henta frå norrøn mytologi og historie.
Gift med
Johannes Nilson Vangsnes og mor til
Nils J. Vangsnes.
|
Det første biletteppet Kjerstina Vangsnes laga var kopi av eit gamalt teppe i Hove steinkyrkje. Foto: Lars Asle Vold. |