Lærarskuleeksamen 1886 og m.a. lærar ved Sogndal Folkehøgskule 1886-1892 og 1897-1912.
Kvåle var frå 1896 redaktør i 44 år, først for bladet "Vestmannen". I 1899 endra bladet namn til "Sygna" og vart eit politisk bygdeblad for Venstre.
I 1904 kjøpte han Venstre-avisa "
Sogns Tidend" (sjå Lærdal kommune), flytta den frå Lærdal til Sogndal og slo det saman med "Sygna".
Like etter 2. verdskrig kjøpte avisa "
Sogn og Fjordane" forlagsretten til Kvåle si avis og slo den saman med si eiga avis.
Kvåle var også medskipar av Sogndal ungdomslag og Sogn ungdomslag.
Sat 20 år i kommunestyret og 30 år i skulestyret og var stortingsrepresentant 1931-1933.