Den første fjellstova, kalla "salustofa" eller "sælehus", vart truleg bygd på staden kring 1000-talet. På 1300-talet vart det nemnt ei "salustofa Helge Ivarsonar uppi a Borgund". Seinare vart stova på Maristuen kalla "Margaretarstofa a Filefjelli".
Driven av Kongen
Denne som andre fjellstover (t.d. over Dovre) vart driven av kongen - dvs. av det offentlege. Fjellstova fekk fast vertskap på 1600-talet. Den første ein kjenner var "Ole stuemand" frå 1648. Etter han overtok Petter Kramer som hadde vore gjestgjevar på Lærdalsøyri.
Den eldste bygningen på Maristova i dag er frå 1791, samstundes som det vart køyreveg over Filefjell. Huset vert idag halde som privat museum.
|
Maristuen - teikning av J. N. Prahm i 1846 |
Selde til Nystova
I 1847 selde Staten fjellstova til den siste "stovemannen", Anders Jonson Nystova. Han tok familienamnet "Maristuen", som slekta heiter framleis. Han bygde til eit kårhus som framleis står. Anders hadde skysstasjon og var postbod, og måtte halde seks hestar om sommaren og fire om vinteren.
Legendarisk bror
Bror hans var den legendariske "Basen" - Knut Jonson Nystova. Denne fjellvande karen berga fleire gonger liv på fjellet, m.a. to kvinner frå Valdres som vart råka av uver. Det seiest at dei var så stivfrosne at dei måtte bryte opp munnen på dei då "Basen" fekk berga dei inn på Nystova og tina dei opp. Basen fekk borgardådmedaljen for berginga.