Lindstrøm hotell
- sjå "
Forretnings- og hotellfamilien Lindstrøm".
Bertelsens Hotell
vart drive ca. frå 1870 til 1876 av bergensaren Anton Olai Bertelsen (f. 1836) i bygget som vert kalla "Telegrafen" på Lærdalsøyri. Han måtte gje seg med hotelldrifta, og huset vart selt på auksjon til apotekar Fredrik Christian Tuxen Werring.
Overnatting og skyss på Øygarden
Dominikus Bjørkum bygde på slutten av 1880-talet to-etasjes hovudhus i sveitsarstil på garden sin Øygarden og satsa på å ta imot reisande. Sonen Ivar starta skyssfirma "Ivar Ødegaard & Co" på ruta Lærdal-Odnes-Gjøvik. Garden søkte om å verte skysstasjon på Ljøsne, men tapte i konkurranse med
Blåflat Hotell.
Kirkevold Pensjonat & Kafe
vart starta av Haakon O. Kirkevold (1882-1952) på Lærdalsøyri, truleg kring 1910. Dette heldt til i det som idag vert kalla Petter-Johannes-huset eller Kyrkjevollhuset. Kirkevold hadde også drosje, sjuketransport og postkøyring.
Hytter og teltplass på Steinklepp
Hans Eggum bygde i slutten av 1920-åra utleigehytter og dreiv teltplass på Steinklepp i Borgund. Dette var ein av dei første campingplassane i heile landet. Elles dreiv han handel og hesteskyss, og seinare skyss med bil. På Eggum Gard vert det framleis drive hytteutleige og camping.
Offerdal Hotell
på Lærdalsøyri vart starta som pensjonat i 1947 av Jens og Kirsti Offerdal. Pensjonatet sette opp nybygg i 1972 og utvida i 1979 og 2000. Midt på 1980-talet skifta verksemda namn til Offerdal Hotell. Hotellet har 70 senger. I 2006 vart hotellet selt til MK Eigedom. Bak dette selskapet står Molde Invest og
Kleiven Sogn AS. Hotellet har 70 senger.
Borlaug Turistheim og Vandrarheim
vart bygd i 1968 i Borlaugkrysset av Olav og Sigrid Haugen. Turistheimen dreiv også kafe og bensinstasjon. Bensinstasjonen vart lagd ned i 1998. Turistheimen vert driven på heilsårsbasis av Jorunn og Halvard Haugen. Kafeen er open i sommarhalvåret.
Steinklepp Camping
med utleigehytter vart starta på 1960-talet av Arne Kvamme.
Fjordstuen hotell
- sjå
Lærdal Hotell.
Lærdal Ferie og Fritidspark A/S
på Lærdalsøyri vart opna i 1991 med Margunn Thue som ein av skiparane og dagleg leiar. Anlegget vart bygd i regi av Lærdal kommune og grunnen er fylt opp av tunnelmasse frå Stuvane kraftverk. I 1993 tok Erling, Even og Erik Aarethun over og omgjorde selskapet til Lærdal Ferie og Fritidspark ANS: I 2001 har anlegget 10 utleigehytter, kiosk og kafeteriabygg med plass til 6 overnattingsgjestar i tillegg til 4 leiligheter, og på uteanlegget er det plass til 120 campingbilar.