SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Samferdsle i Flora:

Posten i Flora

I Balindbotn i Eikefjord ein februardag 1964. Ekspeditør Mathias Kalsvik har kome med postsekken på kjelke for å sende den med Fylkesbaatane sin M/S
I Balindbotn i Eikefjord ein februardag 1964. Ekspeditør Mathias Kalsvik har kome med postsekken på kjelke for å sende den med Fylkesbaatane sin M/S "Florøy". (Foto © Fylkesarkivet)

Den første postruta

Det offentlege postvesenet i Noreg vart skipa i 1647, då ridande postordonnansar tok til å frakta post frå Oslo til Bergen og Trondheim.

Publisert 22.01.2002 15:41. Oppdatert 26.04.2007 12:02.
Den trondhjemske Postvei som vart opna mellom Bergen og Trondheim i 1785, var i hovudsak ei "innlandsrute" i Sogn og Fjordane: Gulen-Leirvik-Dale-Førde-Jølster-Breim-Utvik-Faleide-Hornindal. Post til kystbygdene vart ordna tilfeldig. I Sunnfjord vart truleg posten send utover mot kysten frå Dale og Førde.
Furesund, der første postbåten hadde stopp.

Postdampskip

Dei første postførande dampskipa tok til å trafikkere norskekysten i 1843. Det første postdampskipet var D/S ”Nordcap” som hadde poststopp ved det gamle kremmarleiet i Furesundet frå 1843. - Les meir om D/S ”Nordcap” under kapitlet: Ferdsla på sjøen i Flora. Men først i 1852 fekk Furesundet status som fast poststoppestad, men då berre i sildesesongen. Samstundes vart det sett opp ei såkalla ”bipostrute” som gjekk innover til Fjordane-futen, sorenskivar og andre embetsfolk som budde i Førde.

Karen Helene Müller.

Postkontor i Florø

I 1856 fekk så Florelandet sitt eige postopneri: Kinn Postaabneri fekk kontor hjå eigaren av nedre Flora gard, Jens Bloch Helmers, som også vart den første poststyraren. I 1863 vart namnet endra til Florø Postaapneri. Også sokneprest Hans Jensson Blom og tollbetjenten Claus Krohn Fisher var postopnarar i åra fram til Karen Helene Müller vart tilsett som den andre kvinnelege postmeisteren i landet i 1892. Ho hadde stillinga som postmeister i Florø i 26 år.
Karen Helene Müller sitt hus er bygningen til høgre. Müller bygde huset sitt i 1892.

I 1977 fekk Florø postsorteringa for heile Fjordane, og frå 1997 postsorteringa for så godt som heile Sogn og Fjordane fylke.
I 2006 vart postsorteringsentralane i Florø og Sogndal lagde ned, og Florø tapte kring 25 arbeidsplassar. Det store postbygget i Evja vart i 2001 selt til forretningsmannen Ola Drage i Førde. Postsorteringa for fylket vart flytta til terminalane i Bergen og Ålesund.

Kinn Postaabneri

– sjå Florø, og Nytt Kinn postopneri.

Tansøy

fekk postopneri i 1858 med handelsmann Grip som første styrar. Det heitte då Tansøen postaapneri fram til namnet vart endra i 1921 til Tansøy. I 1973 vart det underpostkontor, i 1977 postkontor C og det vart lagt ned i 1998.

Tansøen postaapneri

– sjå Tansøy.

Batalden

fekk postopneri i 1867, men kontoret var i mange år berre ope i sildesesongen. Postopnarar var telegrafistane som då betjente fisketelegrafen (sjå Fiskeritelegrafen varsla sild) i Batalden. Batalden vart delvis betjent av postopnertiet på Kinn i åra fram til Batalden fekk fast postopneri i 1900, med Andreas A. Finnland som første styrar. Heilt frå 1930 og til kontoret vart lagt ned i 1998 var det Karstensen-familien som var postopnarar på Batalden. Dei stelte også med telefonstasjonen på øya.

Kvalstad

på Svanøy fekk postopneri i 1870 med Ole Andersen Kvalstad som første styrar. I 1916 vart adressa endra til Svanøbugten og i 1921 til Svanøybukt. Postkontoret vart lagd ned i 1998.

Svanøybukt

– sjå Kvalstad.

Skorpa

Skorpø postopneri vart opna i 1872, men var tilliks med fleire postopneri i Kinn, berre ope under vcårsildfisket om vinteren. Dette sesongprega postkontoret vart truleg lagt ned i 1881. Skorpa fekk fast postopneri i 1900 med dampskipsekspeditør Henrik B. Skorpen som første styrar. Fram til 1921 var poststempelet Skorpen i Søndfjord, men vart då endra til Skorpa i Sunnfjord. I 1951 vart poststempelet endra til Sør-Skorpa. Det vart underpostkontor i 1973, postkontor C i 1977 og nedlagt i 1998. Det vart også skipa eit ”Skorpeide” brevhus i 1925. Brevhuset fekk adressestavinga Skorpeidet i 1933 og vart lagt ned i 1941.

Skorpø postopneri

– sjå Skorpa.

Skorpen i Søndfjord

– sjå Skorpa.

Skorpa i Sunnfjord

– sjå Skorpa.

Skorpeidet

– sjå Skorpa.

Eikefjord

fekk postopneri i 1881 med landhandlar Samson Hopen som første styrar.

Svortevik

fekk postopneri i 1887 med landhandlar og dampskipsekspeditør A. Absalonsen som første styrar. I 1893 overtok landhandlar Mads Thyvold. Fram til 1890 var poststempelet Sortevikholm. Då vart det endra til Svortevikholmen, og i 1918 til Svortevik. Kontoret vart underpostkontor i 1973, postkontor C i 1977 og det vart lagt ned i 1997.

Svortevikholmen

– sjå Svortevik.

Stavang

fekk postopneri i 1891 med gardbrukar Nicolai Haave som første styrar. Poststempelet fram til 1924 var Stavang i Kinn. Då vart det endra til Stavang i Sunnfjord, og i 1975 til berre Stavang. Kontoret fekk status som postkontor C i 1977 og det vart lagt ned i 1997.

Stavang i Kinn

– sjå Stavang.

Høydalsfjord

postopneri vart opna i 1891 på Hopen. Postadressa fram til 1921 var Høidalsfjorden, og det var dampskipsekspeditør Andreas A. Hopen som var første styrar. Postopneriet vart lagt ned i 1970.

Høidalsfjorden

– sjå Høydalsfjord.

Nytt Kinn

postopneri vart opna i Kinnesund i 1893 med landhandlar P. Pedersen som første styrar. I 1898 vart adressa endra til Kinnesund. I 1916 vart postkontoret flytta til Rognaldsvåg og namnet endra til Rognaldsvaag. Frå 1917 stod det Rognaldsvåg på stempelet. I 1973 vart det underpostkontor, i 1977 postkontor C, og kontoret vart lagt ned i 1998.

Kinnesund

– sjå Nytt Kinn.

Rognaldsvåg

– sjå Nytt Kinn.

Norddalsfjorden

fekk postopneri på Solheimsøyra i 1893 med landhandlar Peder B. Solheim som første styrar. I 1973 fekk det status som underpostkontor, i 1977 som postkontor C, og det vart lagt ned i 1988 og innordna under Florø. I 1924 vart det også skipa eit ”Nordal brevhus”. I 1933 vart adressa til dette endra til Nordalsøy. Det vart lagt ned i 1967 og innordna under Norddalsfjorden postopneri.

Nordalsøy brevhus

– sjå Norddalsfjorden.

Hovdevåg

fekk postopneri i 1897 med dampskipsekspeditør Bernt Hovden som første styrar. Fram til 1917 vart postedressa stava Hovdevaag. Postopneriet vart lagt ned i 1995, og i 1996 vart postadressa Barekstad.

Livresund

(Leversund) fekk brevhus i 1899. Det vart omgjort til postopneri i 1911.

Barekstadlandet

fekk brevhus i 1900. Det heitte då Kjeitang brevhus. Det vart omgjort til Bareksten postopneri i 1902 med Didrik A. Kjeitang (Kittang) som første styrar. I 1921 vart postadressa endra til Barekstad, og i 1930 til Barekstadlandet. I 1973 vart det underpostkontor, i 1977 postkontor C og nedlagt og innordna under Florø i 1977.

Kjeitang brevhus

– sjå Barekstadlandet.

Bareksten postopneri

– sjå Barekstadlandet.

Haukåsund

fekk brevhus i 1900. Fram til 1917 var poststempelet Haukaasund i Kind, og frå 1917 til 1929 Haukåsund i Kinn. Det fekk status som eige postopneri i 1929 med dampskipsekspeditør Peder A. Solnes som første styrar. I 1967 vart kontoret lagt ned og innordna under Florø.

Holmesund

fekk brevhus i 1905 og postopneri i 1914 med dampskipsekspeditør Samson Olsen som første styrar. Postopneriet vart lagt ned i 1973 og overført til Eikefjord.

Uren

fekk brevhus i 1909. Brevhuset vart lagt ned i 1923.

Barlindbotn

fekk brevhus i 1914, og fekk status som postopneri i 1920 med Ludvig M. Kalsvik som første styrar. Postkontoret vart lagy ned i 1970 og innordna under Eikefjord.

Litle-Høydal

fekk postopneri i 1920 med dampskipsekspeditør Henrik Høidal som første styrar.
Tidlegare hadde det vore eit såkalla brevhus i bygda. I 1973 vart kontoret underpostkontor, i 1977 postkontor C, og det vart lagt ned i 1981 og innordna under Stavang.

Barlindbotn

fekk postopneri i 1920 med Ludvig M. Karlsvik som første styrar. Postopneriet vart lagt ned i 1970 og overført til Eikefjord.

Nyttingnes

fekk postopneri i 1920 med dampskipsekspeditør Thor Kvalstad som første styrar. I 1973 vart det underpostkontor, i 1977 fekk det status som postkontor C, og det vart lagt ned i 1981 og innordna under Eikefjord.

Valvikhamn

fekk brevhus i 1933. Det vart lagt ned i 1971 og innordna under Tansøy.

Store-Høydal

fekk brevhus i 1946. Det vart lagt ned i 1981 og innordna under Stavang.

Klauvene

fekk brevhus i 1949. Fram til 1951 var postadressa Klauva. Det vart lagt ned i 1967 og innordna under Florø.

Klauva

– sjå Klauvene.

Askrovøyane

fekk brevhus i 1953. Det vart lagt ned i 1958.

Ausevik

fekk brevhus i 1953. Det vart lagt ned i 1981 og innordna under Stavang.

Kinn

fekk brevhus i 1962. Det vart lagt ned i 1997. – Sjå elles Florø, Nytt Kinn, Kinnesund og Rognaldsvåg.

Ragnarrud

bydel i Florø fekk postfilial i 1978. Den var lagd ned i 1991.


MEIR OM FLORA 
Flora kommune

 
Aviser og media i Flora
Historia i Flora
Industri og næring i Flora
Kjende personar i Flora
Kommunehistoria i Flora
Krigshistoria i Flora
Kyrkjer i Flora
Samferdsle i Flora
Skular i Flora
Verd å sjå i Flora

 
Lyd frå Flora
Video frå Flora
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no