SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Krigshistoria i Lærdal

Frå Kongevegjubiléet i 1993. Rekonstruksjon av hendingane tidleg på 1800-talet. (Foto: Atle Løkken, NRK)
Frå Kongevegjubiléet i 1993. Rekonstruksjon av hendingane tidleg på 1800-talet. (Foto: Atle Løkken, NRK)

Vetestova frå Vetanosi

Fjellet Vetanosi (1132 meter) nord for innløpet til Lærdalsfjorden er eit av dei mest kjende vetepunkta i Sogn.

Publisert 22.01.2002 16:01. Oppdatert 05.01.2007 08:34.

Motstand mot militærteneste

Heilt frå 1500-talet hadde lærdølene vore fri militærtenesta fordi dei hadde så mykje pliktarbeid på Kongevegen. I 1802 gjorde lærdølene oppstand mot kongens pålegg om at dei skulle gjere militærteneste.
Ein straffeekspedisjon arresterte leiarane for oppstanden, og Anders Olson Lysne vart avretta. (Les meir under: Filefjell - hovedvegen aust-vest).

Soldat-kjempa frå Lærdal

Jonas Henriksen frå Røyrnes var 2,12 meter høg og vart difor soldat i garden til preussarkongen Fredrik Wilhelm på 1700-talet.

Leirdalske lette infanterikompani

Leirdalske Skiløbercompagnie vart skipa 1801, og endra i 1802 namn til Leirdalske lette Infanterikompani. Første kommandant var kaptein Thomas Fasting med premierløytnant Claus von Munthe av Morgenstierne Pederson Rumohr som nestkommanderande. Fasting vart avløyst av kaptein Wilhelm Jürgensen i 1802. Den første "eksisen" på Øyramoen like ved Lærdalsøyri var i 1802. I 1805 vart det bygd eit såkalla telthus, dvs. eit militærlager på eksersisplassen. Dette er no i bruk som stabbur på Hjermannsgarden på Stødno. På Brattegjerdet aust for Hauge kyrkje, like ved eksersisplassen, voks det opp ein liten "landsby" der det m.a. budde handverkarar som fekk arbeidsoppdrag frå det militære.

Leirdalske lette infanterikompani med kaptein Jürgensen i spissen (4de kompani Sogn linjebataljon) stormar fram mot svenskane i 1808. (Utgjeve i 1901 på © Kristiania Lit. Aktiebolag)
Under Napoleons-krigane vart Leirdalske lette Infanterikompani send til svenskegrensa i 1808-1809 og 1813-1814 under leiing av kaptein, seinare major Wilhelm Jürgensen. Ved begge høve kom Lærdals-kompaniet i hard strid, og mange soldatar og offiserar fekk Dannebrogsordenen for heltemodig innsats.

I 1902 vart det etter opptak frå oberst Henrik Angell reist ei minnestøtte på Øyramarki over det tapre kompaniet. Angell skreiv også boka om "Kaptein Jürgensen og leirdølene hans". Ekserserplassen og Det Leirdalske lette Kompani vart nedlagt i 1878, då eksersisplassen for Sogn vart flytta til Vikjamoen i Vik, der den var til 1898: Eksersisplassen Viksmoen.

Lærdal under invasjonen i april 1940

Under den tyske invasjonen i april 1940 vart Lærdalsøyri bomba med brannbomber av tyskarane.

Milorg i Frønningen

Etter ei dramatisk røming i 1945 fekk løytnant Ragnar Ulstein reorganisert gruppa og la hovudkvarteret til skogane på Frønningen, der dei hadde radiokontakt med England.

Adolf Hitler vitja Sogn

Adolf Hitler (1889-1945) vitja aldri Noreg offisielt, men den 12. april 1934 vitja han Sogn ombord i det tyske krigsskipet "Deutschland".

Fangeleiren

NS-medlemer i Sogn og Fjordane og andre som var mistenkte for å ha samarbeidd med nazistane, vart etter freden 1945 arresterte og sette i varetekt på Lærdalsøyri. Kvammes Hotel vart brukt som "arrestlokale", seinare nytta ein tyskarbrakker. Arresten vart avvikla etter kort tid, og fangane sende til ein ny fangeleir på Sogndal Folkehøgskule.

Falne og omkomne frå og i Lærdal



Folk frå Lærdal i tysk fangenskap



NATO

Nystuen er nytta til vintertrening. (Foto: NRK)
Sidan vegsambandet gjennom Lærdal har stor militærstrategisk betydning, har NATO bygd ein stor kai med kran i Habben ved Lærdalsøyri. På 1960-talet var det aktuelt å bygge ei militær oljeleidning til Austlandet gjennom Lærdal. Røyrgata skulle fleire stader liggje 1 meter over bakken, og planen vekte sterke protestar frå grunneigarar. Lina vart stukken, men røyrgata vart ikkje bygd.
Britiske NATO-soldatar har nytta Filefjellsområdet til vintertrening, og har då vore innkvarterte på Maristuen og Nystuen.

MEIR OM LÆRDAL 
Lærdal kommune

 
Aviser og media i Lærdal
Historia i Lærdal
Industri og næring i Lærdal
Kjende personar i Lærdal
Kommunehistoria i Lærdal
Krigshistoria i Lærdal
Kyrkjer i Lærdal
Samferdsle i Lærdal
Skular i Lærdal
Verd å sjå i Lærdal

 
Lyd frå Lærdal
Video frå Lærdal
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no