Sjøflyrutene
Dei første flyrutene i Sogn og Fjordane starta i Florø på 1930-talet – rett nok ikkje som faste anløp, men "on request" når passasjerar skulle til og frå. Kystruta med sjøfly mellom Bergen og Trondheim landa då på Florevika.
Olav Sande - forretningsmannen, var ekspeditør etter krigen, og hadde m.a. ansvar for vaktbåten som skulle halde båttrafikk unna når flya skulle lande og lette.
Før flyplassen kom i 1971, var det også mykje passasjertrafikk med avisflya som dagleg frakta Bergens Tidende frå Bergen til fylket. Det var selskapet Westwing som hadde avisruta nordover kysten, og folk kunne få reise med desse sjøflya dersom det var plass om bord.
- Les elles om Rognaldsvåg Aerradio under
Florø Radio.
Flyplassbygging 1956
Under sildeåra på 1950-talet lanserte den flyinteresserte byingeniøren Arne Bengtsen planar om flyplass. Han kom frå ei stilling i Luftfartsverket. Liknande planar hadde Måløy, med flyplass på Breimyra (sjå
Samferdsle i Vågsøy).
Kommunane Kinn og Florø såg føre seg at Vestlandske Luftfartsselskap kunne trafikkere ein småflyplass i Florø med nye småflytypar som berre trengde 800 meters rullebane. Flyplasskomitéen under leiing av Olav Kolle la fram planar for flyplassen i februar 1956. Kommunaldepartementet godkjende finansieringa, og arbeidet med flyplassen i Havreneset vart starta hausten 1956. Planen var at sjøflyruter skulle frakte passasjerar frå andre kantar av fylket til flyplassen i Florø. Sjøflyhamna skulle liggje i Gunnhildvågen like ved flystripa.
I første omgang tok ein sikte på å byggje ei rullebane på 400 meter, med høve til utviding til 1800 meter
Arbeidet utsett
Arbeidet vart stoppa i desember same år då det viste at Vestlandske Luftfarts-selskap ikkje fekk godkjent Twin Otter-fly til vinterflyging. Ein del av den planerte flystripa vart seinare brukt til Industrivegen. Men ein kommunal flyplasskomité leia av Atle Standal arbeidde vidare med saka.
På lista over stamflyplassar
I planen for norske stamflyplassar i 1964 hamna Florø langt nede på lista. I 1969 vedtok Stortinget at det skulle byggjast tre småflyplassar mellom stamflyplassane i Bergen og Ålesund: Sogndal, Florø og Ørsta/Volda.
Opna i 1971
Flyplassen i Florø vart opna den 28. juli 1971 av samferdsleminister Reiulf Steen, og
Widerøes Flyveselskap ASA hadde heilt fram til 1999 hovudbasen sin for Vestlandsrutene i Florø. Selskapet flytta då hovudbasen sin i Sør-Noreg til Gardermoen.
Nye flyselskap overtek
I 1999 vann selskapet Coast Air tilbodskonkurransen om flyrutene til og frå Florø, medan
Widerøes Flyveselskap ASA framleis fekk trafikken på dei andre småflyplassane i fylket. Frå 1. april 2003 overtok flyselskapet Danish Air Transport rutene til og frå Florø.
Helikopterhamn
Oljeverksemda i Nordsjøen og oljebasen på Botnaneset gjorde at det vart bygd helikopterhamn ved Florø Lufthamn i 1994. I år 2000 vart rullebanen på flyplassen utvida frå 800 til 1300 meter. (Sjå elles historia om dei andre flyplassane og flyselskapa under kommunane Gloppen, Førde, Gaular og Sogndal).
Statue av flypionér
Ved flyplassen vart det i 1986 reist ei statue av flypioneren
Thor Solberg (1893-1967) på Årebrot.
Base for redningshelikopter
Etter sterke krav m.a. frå oljeindustrien og fiskeflåten gjorde Stortinget i 2002 vedtak om at det skulle skipast base i Florø for eit redningshelikopter for Vestlandet innan 2008–2010. Florø vann basen i kappestrid med Vigra på Sunnmøre. Basen i Florø skal vere operativ innan 1. januar 2009, og investeringane ligg på mellom 100 og 160 millionar kroner.