|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Samferdsle i Flora: Florø Radio | Florø Radio. (Alle foto: Stein Magne Os, NRK) |
Kystradiostasjonen i Florø har hatt ein særskild plass i vestlandsfiskarane sine hjarte. I dei ureine farvatna kring Floralandet var det mange grunnstøytingar, og Florø Radio vart skipa i 1938 etter krav frå offiserane på ruteskipa; Ruteskipenes Befalsforbund. Publisert 23.01.2002 11:30. Oppdatert 11.04.2007 13:32.LYD OG VIDEO
Men Florø Radio hadde ein forløpar i ein mindre kystradiostasjon som kom i drift i Florø så tidleg som i 1906.
Vart "redningssentral"Florø Radio var stengd under 2. verdskrig, men starta att i 1945. Frå 1949 fekk stasjonen døgnvakt som var til stor nytte under det rike storsildfisket på 1950-talet. I 1969 vart den første VHF-sendaren teken i bruk. Betjeninga på Florø Radio hadde store kunnskapar om fiskefelt, vertilhøve, båtar og mannskap og spela ofte ein avgjerande rolle som redningssentral i kritiske situasjonar. Dette er også grunnen til at fiskarane har mobilisert når det ved fleire høve på 1980- og 1990-talet har kome framlegg om å leggje ned Florø Radio.
Oljen gav vekstFlorø Radio fekk ein sterk auke i trafikken då dei store oljefelta utanfor kysten av Vestlandet vart utbygde på 1980-talet, og hadde ei tid opptil 15 tilsette. Sendarmastene til Florø Radio står i Havreneset.
I 2004 tok Florø Radio over fjernstyringa av Ørlandet Radio på Trøndelags-kysten.
Flyradiostasjon i RognaldsvågI åra mellom 1951 og 1959 var det også ein bemanna radiostasjon (Rognaldsvåg Aerradio) i Rognaldsvåg. Stasjonen var berre betjent i sommarhalvåret og hadde som oppgåve å hjelpe til med navigeringa for flyruta Bergen-Trondheim. Det var telegrafistar frå Florø Radio som opererte stasjonen.
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|