|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Historia i Lærdal: Thrane-rørsla og Lærdal | Marcus Thrane (1817-1890) si rørsle fekk avleggjar i Lærdal. |
Marcus Thrane (1817–1890) starta den første norske arbeidarrørsla på 1840-talet. Den samla m. a. 13.000 underskrifter til krav om ålmenn røysterett og innføring av 8-timars arbeidsdag for husmenn og andre arbeidsfolk. Publisert 23.01.2002 11:49. Oppdatert 22.10.2003 14:55.LYD OG VIDEO
Thrane vart redaktør av avisa "Drammens Adresse" i 1848, som vart hovudorgan for rørsla i dei få åra den levde. Thrane var inspirert av ideeane frå Februar-revolusjonen i 1848 i Frankrike. På eit par år samla Thrane-rørsla 30.000 medlemer i 300 foreiningar - i hovudsak på Austlandet.
Den einaste "avleggjaren" på Vestlandet kom i Lærdal og breidde seg derfrå til Luster og Sogndal. Dette skuldast først og fremst den karismatiske agitatoren Gudbrand Larsen Sundløkken som tok vegen over fjella. Han hadde ei god lokal såmark for sosialistiske og radikale idear mellom arbeidsfolk som m. a. hadde bygd veg gjennom Lærdalsdalen. Her hadde det arbeidd opptil 700 mann, og ein stor del av dei var frå Lærdal. På slutten av 1840-talet ebba anleggsarbeidet ut, og småkårsfolket fann lite å brøfø seg av lokalt.
Sundløkken reiste i 1851 på talarferd i Lærdal, Sogndal og Hafslo, og etter dette vart det skipa ”arbeidarforeningar” både i Tønjum (Lærdal) og Borgund. Foreininga i Tønjum teikna 73 medlemer, og Borgund 36.
Anders Torsteinson Mo, som var tenestekar i prestegarden på Tønjum, vart ein sterk lokal formann. Mo deltok m. a. på landsmøtet i rørsla i 1851, der fleirtalet gjekk inn for
revolusjon i Noreg. Kort tid etter møtet slo styremaktene til mot den radikale flokken. Marcus Thrane vart arrestert og dømd til 4 år tukthus. Thrane-rørsla gjekk i oppløysing. Thrane sjølv emigrerte i 1863 til Amerika. I Lærdal gjekk også lokallaga i oppløysing. Anders Torsteinson Mo flytta til Stavanger, og enda si tid som lekpredikant, med Voss som bustad.
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|