SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Kjende personar i Sogndal:

Gjøde Pederssøn

Utsnitt av epitafium som i følgje tradisjonane skal forestille Gjøde Pedersen. (Foto © Fylkesarkivet)
Utsnitt av epitafium som i følgje tradisjonane skal forestille Gjøde Pedersen. (Foto © Fylkesarkivet)
Gjøde Pederssøn (fødd ca. 1580 - død ca. 1650-1653) truleg frå Danmark, busett i Kaupanger. Godseigar og fut, og ein av dei mest myteomspunne personane som har budd i fylket.

Publisert 23.01.2002 12:44. Oppdatert 08.09.2003 11:55.
Det er uvisst kva opphav mannen har, men mest truleg var han dansk, for han åtte store eigedomar i Danmark. Han kunne også vere frå adelsætt i Danmark.

Desertør og skrivar?

Etter tradisjonen dukkar han først opp som skrivar for futen i Sogn, som då budde på Fimreite. Ei anna segn seier at han var militær, og at han deserterte i krigen mot svenskane.

Overtok som fut

I 1604 tok han over som fut i Sogn etter Engel Jensen Bang, og i 1606 fekk han hand om storgarden i Kaupanger ved eit makebyte på to gardar som han hadde arva i Nord-Jylland. I 1607 tileigna han seg også kongetienda for Sogn, som han kjøpte av kongen for 80 riksdalar. I 1608 bytte han også til seg storgarden på Stedje, og i tida som fylgde kom ei mengd andre gardar i Sogndal i hendene på Gjøde.

Bygde opp Kaupanger Hovedgård

Gjøde Pederssøn utvida Kaupanger-garden mykje, og har fått "hovudæra" for at godset etter kvart talde 60.000 da. Den mest fargerike segna om Gjøde er knytt til korleis han skaffe seg den store eigedomen: Segna seier at Christian IV som takk for Gjøde Pederssøn sin innsats under Kalmarkrigen let han få så mykje jord i Kaupanger som han greidde å ri rundt på ein dag!

Under tiltale

Men rett eller gale i segna - tilhøvet til kongemakta kjølna i alle høve fort. I 1611 vart han sett under tiltale både for svindel og underslag mot kongen og andre, og dessutan for eit drap på tyskaren Herman Bolt Bergen i 1609. Bønder i Sogn vart etter kvart så galne på den vrange futen at dei i 1610 sende ein mann til København for å klage på Gjøde Pederssøn.

Endå ein drapstiltale

Då rettssaka kom opp, vart han også tiltala for endå eit mord: I 1607 skulle han ha fekta med ein pistol då han var på vitjing hos godseigaren Jon Anderssøn Teiste i Kroken i Luster (andre kjelder meiner at Teiste då budde på Eikum). Skotet gjekk av, og tiltalen ville ha det til at Teiste vart råka av nokre hagl slik at han seinare døydde - sjå: Teiste-ætta kjem til Kroken.

Klaga inn for horeri

På toppen av alt dette vart han også klaga for "horeri". Tiltalen sette støkk i den ville futen: Han rømde i 1611 og var som sokken i jorda i lang tid. Men like etter røminga vart han frådømd alt han åtte. Han vart også frådømd futeembetet. Men etterkomaren, Hans Rasmussen var ikkje stort ærlegare.

Pederssøn reiser seg att

Så dukka Gjøde Pederssøn opp att i 1627, og no makta han det kunststykke å få full frifinning for brotsverka sine, og attpå til oppreising: Han hevda m.a. at Teiste døydde av sjukdom, og både mordskuldingane frå Kroken og i Bergen kom han seg unna utan dom og straff. Straks han kom tilbake til Kaupanger som fut, heldt han fram med jordsamlinga, både av kyrkjegods og anna.
Frå han overtok Kaupanger i 1606 og til han selde til riksråd og fut Iffuer Wind i 1636, vart verdien på Kaupanger-godset dobla.

Uærleg framferd

Men mykje av jordegodset skaffa Gjøde seg på uærleg vis. Han utnytta bygdefolk nærmast som trælar og fekk fiendar over alt. I 1638 fekk nokre bønder ein leigemordar til å skyte den forhatte futen Gjøde Pederssøn. Men Gjøde overlevde, og leigemordaren Tollef Kolbeinsen vart halshoggen som straff. Dei tre bøndene som hadde leigde han, Jørgen Pedersen (Loftesnes?), Olav Bottolvsen og Lars Skaksen vart dømde til lekkjer og tvangsarbeid på Bremerholm festning ved København på livstid.

Flytta til Kaupanger att

I 1639 flytta Gjøde Pederssøn frå Kaupanger, men kom tilbake etter ei tid, då som fullmektig for Wind og styrar på godset. No vert dei gamle drapssakene på nytt reiste mot han, men han slepp fri straff denne gongen òg.

Epitafium som i følgje tradisjonane skal forestille Gjøde Pedersen, kona og ein son. (Foto © Fylkesarkivet)

Gav gåver til kyrkja

Fleire gonger gav den illgjetne futen gåver til kyrkja i Kaupanger:
I 1609 gav han tre vakre lysestakar til kyrkja, og i 1634 ny altartavle. Denne vart sidan flytta til Jostedalen kyrkje, der ho framleis står.
Sjølv har han sikra seg ei "evig" minne i stavkyrkja i Kaupanger med eit digert epitafium (minnemåleri) med seg og familien. For retteleg å understreke kva kar han meinte han var, hengde han opp biletet over korbogen - ein æresplass der det på den tida var vanleg å hengje eit krusifiks med Kristus på krossen!

MEIR OM SOGNDAL 
Sogndal kommune

 
Aviser og media i Sogndal
Historia i Sogndal
Industri og næring i Sogndal
Kjende personar i Sogndal
Kommunehistoria i Sogndal
Kraftutbygginga i Sogndal
Krigshistoria i Sogndal
Kyrkjer i Sogndal
Samferdsle i Sogndal
Skular i Sogndal
Verd å sjå i Sogndal

 
Lyd frå Sogndal
Video frå Sogndal
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no