Ein av dei fargerike eigarane av Rikheim var Claus von Munthe av Morgenstjerne Pederson Rumohr (1770-1831). Han var offiser, og kom midt opp i "bondeopprøret" som vart sett i gang i Lærdal i protest mot at lærdølene vart tvinga til militærteneste i tillegg til pliktarbeid på Kongevegen.
Løytnant Rumohr vart beordra til Valdres for å vere ein av leiarane av straffeekspedisjonen som kongen sette opp mot Lærdalsopprørane. Bøndene var då så harme at dei truga med å knuse vindauga på Rikheim. Aksjonen enda med arrestasjon av bondeleiarane og avretting av
Anders Olson Lysne. (Les meir under "
Skyssing og pliktarbeid i Lærdal".)
Claus Rumohr og kona var barnlause, og med samtykke frå kona fann han seg ei ung jente på Tønjum som han fekk to barn med, og arvefylgja på Rikheim var sikra! Kona på Rikheim køyrde sjølv til Tønjum for å hente odelsguten, og barnemora flytta også til Rikheim.
Hovudhuset på Rikheim er bygd i 1826, og løytnant Rumohr var arkitekt. Det er truleg at ein del av det grove tømmeret i huset kjem frå den gamle prestegarden på Øygarden nedanfor Blåflat. Huset vart bygd om i 1900. Då vart den rikt utsmykka hovuddøra flytta over til hagesida, pannetaket vart bytt med skiferheller, og dei småruta vindauga vart bytte med storruta.
Seinare har kunstnaren
Knut Rumohr hjelpt til med restaurering av m.a. inngangshallen og andre rom i bygget.
I 1825 fekk Rumohr løyve til å drive gjestgiveri på Rikheim, og heilt til våre dagar har laksefiskarar leigd husrom.