|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Historia i Lærdal: Hjermann-slekta på Stødno | Frå venstre: Per S. Hjermann (1919-1997) hjelper Kronprins Harald med å dra i land ein laks. Biletet er frå 1984. (Foto: Ole Fretheim, NRK) |
Stødno-garden under den mektige fossen på nordsida av Lærdalsøyri er ein av dei største i Lærdal med 190 dekar innmark og store skog- og fjellvidder. Garden med den verdfulle lakseretten i elva har vore eigd av Hjermann-slekta sidan midt på 1600-talet. Publisert 23.01.2002 14:03. Oppdatert 01.02.2002 09:49.I 1660 veit vi at Peder Nielsson Hjermann frå Sønder-Jylland i Danmark var eigar av garden. Han kom til Bergen i 1635 og fekk borgarskap der. Han skaffe seg store jordeigedomar på Vestlandet. Ein annan bror opna skjenkestove og gjestgiveri på Lærdalsøyri.
Ein kort periode eigde den rike presten Hans Leyrdahl Stødnogarden, men den fall tilbake til Hjermann-slekta på odel. No var det ein Hjermann frå gjestgjevargreina på Lærdalsøyri som tok over. På 1700-talet var det fleire
i Hjermann-slekta som var lensmenn i Lærdal.
Inga slekt i fylket har hatt så mange på Stortinget som Hjermann-slekta i Lærdal: Det starta med Per Person Hjermann (1754-1837) som møtte i Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814. Sonen Per Severin vart vald til stortingsmann 1845-1848. Frå 1954 til 1961 sat Per Severin Hjermann (1891-1972) på Stortinget.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|