SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Lærdal - laksefisket:

Engelskmennene kjem til Lærdalselvi

Husum hotell tidleg på 1900-talet. Mange av laksefiskarane budde her. (Foto © Fylkesarkivet)
Husum hotell tidleg på 1900-talet. Mange av laksefiskarane budde her. (Foto © Fylkesarkivet)
Dei første engelske sportsfiskarane oppdaga Lærdalselvi på 1830-talet: I 1836 skriv engelskmenn som har overnatta på Husum Hotell om "good salmon fishing". Den første engelskmann som skriv om elva, er William Bilton i 1837. Men den første tida var ikkje Lærdalselvi sett på som noko "dronning mellom lakseelvar" fordi ho var grunn.

Publisert 24.01.2002 10:01. Oppdatert 01.02.2002 13:02.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
På 1840-talet fekk sportsfisket større omfang, og mange utlendingar kjøpte faste fiskerettar i Lærdalselvi. Ein av dei første faste sportfiskarane i Lærdal var James Randell, som fiska i elva frå ca. 1853 og sette opp leigekontrakt. Fiskekameraten John C. Musters kjøpte Kapteinsgarden på Ljøsne i 1876, og kjøpte opp fiskerettar i store deler av elva. Seinare har Kapteinsgarden vore eigd av søkkrike engelske og norske sportsfiskarar. Musters og seinare eigarar av Kapteinsgarden kjøpte gjerne heile gardar for å sikre seg fiskeretten til garden.

Dei fleste større gardane oppover dalen tok imot velståande laksefiskarar som losjigjestar. Ofte flytte eigarane ut og overlet
Prins Knud av Danmark.
hovudhuset til laksefiskarane i sesongen, slik ein t.d. gjorde på garden Molde. På garden Øye vart det bygd eige "fiskarhus". Andre laksefiskarar budde på hotella på Husum eller på Lindstrøms på Lærdalsøyri. Det såkalla Sviggumhuset eller "Nøisomhed" (bygd av kaptein Hans Thee i 1851) vart tidleg på 1900-talet kjøpt av mrs. Lambert, kona til ein engelsk laksefiskar. Ho leigde ut rom til fiskarar fram til 1940, då eigedomen vart kverrsett av tyskarane.

Sir Thomas Sopwith (© San Diego Aerospace Museum)
På Lindstrøms Hotell budde m.a. prinsane Knud og Axel frå Danmark og den steinrike og eksentriske briten Sophwith (sjå eigne artiklar om Husum Hotell og Lindstrøms Hotell under "Forretnings- og hotellfamilien Lindstrøm").

Kong Harald drog sin første laks i Lærdalselvi i 1953, og var sidan ein årviss gjest i elva, der han fiska mykje saman med elveeigar Per Hjermann. Han hadde ofte med seg Olaf Olsen som kleppar, ein av dei mest kjende lakseklepparane i Lærdalselvi.
Elveeigar Per Hjermann hjelper kronprins Harald å dra inn laks frå Lærdalselvi i 1984. (Foto: NRK)

MEIR OM LÆRDAL 
Lærdal kommune

 
Aviser og media i Lærdal
Historia i Lærdal
Industri og næring i Lærdal
Kjende personar i Lærdal
Kommunehistoria i Lærdal
Krigshistoria i Lærdal
Kyrkjer i Lærdal
Samferdsle i Lærdal
Skular i Lærdal
Verd å sjå i Lærdal

 
Lyd frå Lærdal
Video frå Lærdal
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no