SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Lærdal:

Helsestellet i Lærdal


Publisert 24.01.2002 10:58. Oppdatert 26.08.2002 12:11.

Bygdedokterar

Dei første distriktslegane i Sogn og Fjordane vart tilsette i 1802 - ein for Sogn og ein for Fjordane. Men jamsides med den offentlege legetenesta arbeidde lokale bygdedokterar langt inn på 1900-talet (sjå Jens Larsen Drægelid). Ein lokal bygdedokter med mange pasientar var Henning Junghans Hjerrild Sørensson Lem (1797-1878) på Lærdalsøyra. Han kom frå Årdal og var bror til løytnant Hans Lem.

Lærdal Apotek

vart starta i 1843. Det var det første apoteket i Sogn og Fjordane og det første på landsbygda i Noreg, og heldt til i bygningar som seinare vart overtekne av Lindstrøm Hotell.

Helseheimen

I 1905 starta kommunane Lærdal og Borgund eit sjukehus eller helseheim for fattige sjuke på Lærdalsøyri. Det gamle to-etasjes skulehuset på Øyra vart omgjort til sjukehus. Dei to kommunane stod for drifta åleine fordi fylkestinget nekta å støtte. Fylket frykta nemleg tilsvarande krav frå andre kommunar som gjekk med sjukehusplanar. Utflytta lærdøler i Amerika samla inn pengar til drift av helseheimen.

Tuberkuloseheimen

I 1911 tok fylket likevel over helseheimen som tuberkulosesjukeheim. Den gjekk då inn i ein omfattande fylkesplan i kampen mot folkesjukdomen tuberkulose: Tilsvarande "sanatorium" vart bygde 1916 i Lavik (no Lavik sjukeheim) og Sandane 1921 (del av noverande Gloppen sjukeheim), og ein liten sjukeheim i Askvoll ca. 1912. "Sjukehusbygget" i Lærdal vart rive i 1914 og flytta til Mjoldo der noverande sjukehus ligg.
Helseheimen hadde 9 senger for tuberkuløse og 6 senger for andre pasientar, og vart driven som kombinert heim fram til 1929.

Lærdal sjukehus


MEIR OM LÆRDAL 
Lærdal kommune

 
Aviser og media i Lærdal
Historia i Lærdal
Industri og næring i Lærdal
Kjende personar i Lærdal
Kommunehistoria i Lærdal
Krigshistoria i Lærdal
Kyrkjer i Lærdal
Samferdsle i Lærdal
Skular i Lærdal
Verd å sjå i Lærdal

 
Lyd frå Lærdal
Video frå Lærdal
SE OGSÅ
Siste saker:

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no