Medan Oslo Lysverker (no Vika Energi) har bygd ut kraftressursane i nabokommunen Aurland, er det interesser frå Østfold som i 1966 fekk hand om fallrettane og gjorde den største utbygginga av Lærdalsvassdraget.
Les meir om: Oslo Lysverker under "
Kraftutbygginga i Aurland".
I første fase av utbygginga var det industrikonsernet A/S Hafslund som kjøpte fallrettar og starta utbygging. I Østfold stod Hafslund for ein stor del av kraftproduksjon- og levering, og både fylket og fleire kommunar var aksjonærar i A/S Hafslund. Etter sterk motstand frå elveeigarane i Lærdal vart dei opphavelege planane for utbygginga nærpå halverte.
Østfold fylkes Kraftforsyning (seinare Østfold Energiverk) vart skipa i 1973 i og tok over ansvaret for Lærdalsutbygginga. Borgund Kraftverk kom i drift i 1974 og kosta 470 millionar kroner.
I 1988 bygde Lærdal kommune i samarbeid med Østfold Energiverk ut Stuvane Kraftverk i sjølve Lærdalselvi. Her prøvde Sogn og Fjordane fylke å sikre seg forkjøpsretten til vassfallet i Stuvane, men kommunen tok innersvingen på fylket ved ein særs kunstig avtale med Østfold: Østfold fylke skulle koste heile utbygginga til 370 millionar kroner, og kommunen skulle overta heile eigarskapen etter 25 år.
På 1980-talet bygde ÅSV ut Nyset-Steggjevassdraga i Årdal (sjå "
Spelet kring Nyset-Steiggje-vassdraga"). Mykje av utbygginga gjekk over anleggsvegar frå Lærdal og Filefjell. I 1985 selde den nye eigaren i Årdal, Norsk Hydro, Nyset-Steggje-kraftverka til Østfold Energi.