SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Jordbrukshistoria i Lærdal:

Tamreindrifta i Lærdal og Borgund

Slakting av tamreinen til Jon Jonassen i 1988 - den siste som dreiv med tamrein i Lærdal og Årdal. (Foto: Alf Jørgen Tyssing, NRK)
Slakting av tamreinen til Jon Jonassen i 1988 - den siste som dreiv med tamrein i Lærdal og Årdal. (Foto: Alf Jørgen Tyssing, NRK)
Tamreindrifta kring Lærdal og Borgund hadde stort omfang på 1800-talet og fram på 1950-talet. Dei første tamreinlaga i Lærdal vart skipa i 1845, men truleg vart det drive med tamrein minst 50 år tidlegare. Det første laget hadde reinen i fjella på sørsida av Lærdal. Men sjølv om flokkane vart gjette, tvinga ulveplaga laget til å leggje ned drifta kring 1855.

Publisert 24.01.2002 12:53. Oppdatert 30.01.2002 13:04.
Også på nordsida av dalen mot Årdal og på Filefjell var det tamreindrift i denne tida.

I siste halvdel av 1800-talet vart det sett i gang systematisk jakt over heile landet for å kome rovdyra til livs. Bjørn, ulv og jerv vart så godt som utrydda, og kombinert med betre merking og gjeting gav dette ny lønsemd i næringa.

Tamreindrifta i Lærdal og Borgund fekk difor ei ny blømingstid frå 1880-talet: Fram til våre dagar er det registrert over 20 tamreinlag i fjella kring Lærdal og Borgund. Særleg i Borgund har tamreindrift vore ei viktig næring. Mange av tamreinlaga kring Filefjell og Hemsedal og Nordfjella har hatt eigarar både frå aust- og vestsida.

Hardt reingjetarliv

Stamreinen i flokkane vart ofte kjøpte i Røros-traktene og drivne over fjell og dal til dei nye beitemarkene vestpå. Einskilde reindrifter kom heilt ifrå Sverige og Nord-Trøndelag.

I 1913 brukte den vidgjetne reingjetaren Odd Mortenson Danebrog (f. 1891) 2 år på ei drift med 1000 reinsdyr! Undervegs måtte han symje over breie elvar med leiarbukken for å få flokken med seg.

Ofte var det samar som Odd Mortenson Danebrog som tok det harde og fårefulle arbeidet som reingjetarar. Ein annan var Jonas Nilsen - "Gamle-Jonas" (1850 - d. ca. 1930). Han og reinflokken vart ein gong tekne av snøskre ved toppen av Heirnosi og ført omlag 600 meter loddrett ned i Moadalen ved Øvre Årdal. Etter å ha vore sakna i fleire dagar, berga Jonas seg ned til folk. Då var han utan både sko, ski og ryggsekk. Sliten, men like heil. Etter å ha styrkt seg på nafta, var han like pigg!

Dramatisk reinslakt

I toppåra kunne einskilde lag ha flokkar på kring 4000 dyr, og det var ikkje uvanleg at kvart tamreinlag kunne slakte 1000 rein årleg.

Slakting i høgfjellet baud på vanskar når slike kjøtmengder skulle til bygds. Einskilde stader løyste dei problemet med å leie reinsdyra ned til Lærdal for å slakte dei heime. Eit slaktelag vart ein gong råka av uver ved den 1100 meter høge Vetanosi nordvest for Lærdalsøyri: 187 reinskrottar vart stivfrosne. Einaste måten å berge kjøtet på var å sende dei uflådde slakta utfor berga, og på snøen sklei dei heilt ned til fjorden ved Fodnes.

Nystova var den sentrale slakteplassen for tamreinselskapa kring Filefjell. Her vart tusenvis av rein drivne saman for slakting. Kjøtet vart salta i tønner og sendt til marknaden i Oslo og austlandsbyane. Reinkjøt vart jamvel eksportert til Tyskland.

Samen Jon Jonassen er hittil den siste som dreiv med tamrein innanfor grensene til Lærdal og Årdal. Han hadde slakteplass på Sletterust på Årdalssida, men gav opp på 1980-talet etter årelange konfliktar om beiterettar og strid med bygdefolk som ynskte å nytte fjellheimen til villreinjakt.
Vetanosi. Dette er bålplassen som vart nytta til vete før tamreindrifta tok til i området. (Foto © Oddkjell Bosheim)

MEIR OM LÆRDAL 
Lærdal kommune

 
Aviser og media i Lærdal
Historia i Lærdal
Industri og næring i Lærdal
Kjende personar i Lærdal
Kommunehistoria i Lærdal
Krigshistoria i Lærdal
Kyrkjer i Lærdal
Samferdsle i Lærdal
Skular i Lærdal
Verd å sjå i Lærdal

 
Lyd frå Lærdal
Video frå Lærdal

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no