Lærdal var ei av dei første bygdene i Sogn og Fjordane som bygde større meieri. I 1890 vart det bygd meieri både i nedre og øvre del av bygda.
Øren Meieri
Øren Meieri på Lærdalsøyri vart skipa som andelsmeieri. Godseigar Tøger Ravn, eigar av den store Hansegarden på Lærdalsøyri (sjå nedst på sida for "
Gamle bygningar i Lærdal"), gjorde opptaket til meieriet, som vart bygd som såkalla smørmeieri. Det hadde også eit lite mjølkeutsal. Øren Meieri var det første i fylket som kjøpte eigen dampmaskin til drift av separator, kinne og smørelte. Første åra vart meieriet drive av ei meierske, men i 1893 vart Didrik Åasen frå Naustdal tilsett som den første meieristyraren i fylket. I 1910 vart meieriet leigd bort til Aasen, som dreiv til han la ned i 1917.
Lærdal Meieri
Det andre meieriet vart bygd ved Ljøsnebakken og heitte Lærdal Meieri. Også dette meieriet vart drive som andelslag og dreiv berre med smørproduksjon. Meieriet på Ljøsne vart drive frå omlag 1890 til 1913.
I 1947 skipa bøndene i Lærdal, Borgund og Årdal "Årdal Meierilag" som bygde meieri på Årdalstangen. Lærdals-mjølka vart send med båt til Årdalstangen, der det nye industrisamfunnet var storkonsument. Laget hadde eige mjølkeutsal på Lærdalsøyri.
Seinare gjekk Årdal Meierilag inn i Sognemeieriet, deretter i Sogn og Fjordane Meieri, som enda opp i Tine Meieri Vest.