|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Jordbrukshistoria i Lærdal: Pelsdyrnæringa i LærdalPelsdyrnæringa vart det store satsingsområdet som tilleggsnæring i jordbruket i mellomkrigstida. I Nordfjord utvikla Gloppen seg til eit senter for den nye næringa. I Sunnfjord vart det Naustdal, og i indre Sogn fekk pelsdyroppdrett særleg sterkt fotfeste i Lærdal. Publisert 24.01.2002 15:20. Oppdatert 31.10.2002 13:58.(Sjå elles under Vågsøy kommune om pelsdyrpioneren Pelsdyrpionér Ole M. Totland, og om pelsdyrnæringa under " Historia i Gloppen".)
Den første sølvreven kom til Lærdal i 1926. Fleire stader slo gardbrukarane seg saman i aksjeslag og bygde pelsgardar. Ein slik vart bygd på Ljøsne i 1928, der dei dreiv med sølvrev fram til 2. verdskrig.
Ein av pelsdyrpionerane var Olav O. Molde, som starta med sølvrev i 1929 og blårev frå 1937. I 1935 hadde Lærdal over 5000 pelsdyr, og inntektene av pelsdyravlen svara til 17 prosent av inntekta.
På 1930-talet vart det bygd utstillingshall på Lærdalsøyri og seinare felles fryseri for revefor på Ljøsne. Kring 1960 vart det bygd stort fryseri på Lærdalsøyri som m.a. tok imot fôrråstoff frå fiskeindustrien i Finnmark, og eit par år seinare vart det bygd fôrkjøkken på Tønjum. Fôrkjøkkenet var i drift til ut på 1990-talet, og bygningen vart riven for å gje plass til ny E68. No får pelsoppdrettarane fôret frå fôrkjøkken i Valdres.
SE OGSÅ
Siste saker:
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|