|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Krigshistoria i Lærdal: Milorg i Frønningen | Milorg-karane gøymde seg i Frønningen. (Foto: NRK) |
Etter at Gestapo hadde rulla opp Milorg-gruppene i Sogn og Fjordane i februar 1945, måtte leiaren, løytnant Ragnar Ulstein, røme hovudkvarteret i Sogndalsdalen. Etter ei dramatisk røming fekk han reorganisert gruppa og la hovudkvarteret til skogane på Frønningen, der dei hadde radiokontakt med England. Publisert 25.01.2002 00:01. Oppdatert 31.01.2002 12:59.Sjå artiklane " Opprullinga av Milorg" og " Milorg i Sogn og Fjordane".
I april 1945 tok Sogne-gruppa med kodenamnet "Siskin" imot 45 tonn våpen i Hjønnevåg i Solund. Våpna vart skyssa framom tyske minebelte og vakter heilt inn til Frønningen, der dei vart gøymde i ei nedlagd jernmalmgruve på Solsnes. Frå Sogn gjekk store mengder våpen med bil austover. Svein Hovland frå Borgund var transportsjef for denne fårefulle transporten. Ei stor avdeling av den norske Quisling-horden leitte etter Milorg-folka i Sogn, men fann ikkje gøymestaden i Frønningen. I Frønningen fekk Erna Aasen i oppdrag å bake store mengder brød til dei norske heimestyrkane som låg der.
Ved freden 8. mai 1945 talde Milorg-styrken 480 mann. På fredsdagen vart 36 sende til Høyanger og 72 soldatar til Årdal for å ta seg av dei kapitulerte tyske soldatane og sikre at fabrikkanlegg ikkje vart øydelagde. Sjølv drog Ulstein til Sande i Gaular med 72 mann som skulle ta seg av den store tyske avdelinga i Førde og dei tyske festningsanlegga langs kysten.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|