Halvdan Svarte
småkonge med eit rike som truleg femnde om Sogn (sjå
Leikanger kommune), Vestopplanda og Vestfold, reiste gjennom Lærdal på 800-talet.
Harald Hårfagre
konge ca. 865-933, reiste på 800-talet frå Valdres til Voss over Filefjell og Lærdal.
|
Olav den Heilage. Ikon. |
Olav den Heilage
skal i 1023 ha reist opp Lærdal og til Valdres for å kristne dalføret. Etter segna snudde han hesten i det som seinare har vorte kalla "Olavklemma" ved Galdane. Dette er ei jettegryte laga av Lærdalselva, men segna ville ha det til at den var forma av hesten når helgenkongen vende den.
Øystein Haraldson
(son til Harald Gille) reiste over Filefjell i 1157.
Sverre Sigurdsson
reiste over Filefjell-Lærdal i 1177 på veg frå Vika (Oslo) til Bergen. Sverre og mennene hans fylgde den stien frå Borgund til Husum som seinare har vorte kalla Sverrestien. Lærdølene planla å gjere ende på Sverre og mennene hans ved å velte stokkar over dei i dei trange Galdane. Men Sverre oppdaga kva som var på ferde. Han kringsette dei som låg i bakhald, og dei som ikkje vart drepne av kongen, rømde unna. Men på Lærdalsøyri berga sogningane skipa sine unna kong Sverre, slik at han måtte gå til fots over fjella frå Lærdal til Bergen.
Magnus 5. Erlingsson
rømde frå Bergen og austover over Filefjell i 1183 etter strid med birkebeinarane. Han fall i 1184 i
Slaget ved Fimreite, i strid med Sverre og birkebeinarane.
|
Kong Oscar II. |
Kong Oscar II
vitja Lærdal i 1879. Vitjinga i Sogn var ein lekk i ei vestlandsreise der kong Oscar kom frå Voss til Gudvangen og reiste med båt ut fjorden der han vitja Leikanger og Fjærland, der kongen og fylgjet reid på hest til Bøyabréen. Kongen avslutta reisa gjennom fylket i Lærdal og Borgund. Kong Oscar vitja Lærdal i 1898. Også då var han på veg austover etter ei rundreise på Vestlandet. Han reiste då over Hemsedalsfjellet.
Gustav 5.
av Sverige vitja Lærdal som kronprins i 1898. Han overnatta på Maristova.
|
Haakon VII. |
Kong Haakon 7., dronning Maud og kronprins Olav
vitja Lærdal og Maristuen i 1913, 1916 og 1921.
|
Kong Olav V. |
Kong Olav V og kronprinsesse Märtha
vitja Lærdal i samband med ei stor rundreise i 1933.
Kong Harald 5.
|
Dåværande kronprins Harald har fått napp, og får hjelp av Per Hjermann (t.h.). Biletet er frå 1984. (Foto: Ole Fretheim, NRK) |
har heilt frå han var 15 år vore fast gjest som laksefiskar i Lærdal, der han vart ein nær ven av bonde Per Hjermann. Han var også fleire gonger på hjortejakt på eigedomane til Hjermann. Under opphalda i Lærdal har kongen budd på laksefiskargarden Moldebo og kapteinsgarden på Ljøsne.
I offisielle ærend opna Harald og Sonja som kronprinspar nybygget ved Lærdal sjukehus i 1987, og vitja også Lærdal i samband med ei stor rundreise i Sogn og Fjordane i 1979. Ferda gjekk elles til Solund, Høyanger, Fjaler, Gaular, Førde og Lærdal.
Kong Harald opna Norsk Villakssenter i juni 1996, og Lærdalstunnelen 27. november 2000.
Dronning Sonja stod i 2005 føre den offisielle opninga av stavkyrkjesenteret ved Borgund stavkyrkje.
|
Prins Knud av Danmark var fast gjest som laksefiskar i Lærdal. |
Utanlandske regentar og andre kongelege
har fleire gonger vitja Lærdal og fiska i Lærdalselva. Medlemer av den danske kongefamilien med dronning Margrethe som den mest prominente har vore flittige gjestar. Det same har den belgiske kongefamilien vore.
|
Kong Harald V opna Norsk Villakssenter i Lærdal i 1996. (Foto: Ingvild Ramstad, NRK) |