|
Utsnitt av måleri som skildrar slaget ved Fimreite. (Foto: NRK) |
På austsida av innløpet til Sogndalsfjorden ligg
Fimreite-gardane. Her er ingen fornminne som viser spor etter busetnad før det kjende slaget ved Fimreite i 1184. Men frå andre halvdel av 1300-talet kjenner ein til at omlag halve Fimreite var eigd av adelsmenn, medan resten var kyrkjegods.
På Fimreite sto det på denne tida også ei kyrkje, truleg ei privatkyrkje for storfolket på garden.
Nedanfor
Fimreite-gardane ligg ei grunn bukt der det kjende slaget mellom kong
Magnus V Erlingsson og
Sverre Sigurdsson stod i 1184. Begge gjorde krav på å verte konge i Noreg, og begge hevda å vere av kongsætt. Magnus vart kruna som konge berre fem år gamal i 1161. Sverre vart av opprørsflokken Birkebeinarane hylla som konge over Noreg i 1177. På Magnus si side stod både kyrkja og nesten alle lendmennene.
|
Fimreite sett frå Nornes der minnebautaen står. (Foto: Arild Nybø, NRK © 2003) |
Mykje strid før Fimreite-slaget
Dei to møttest i to store slag på Kalvskinnet i 1179 og Ilevollen 1180 - begge ved Trondheim - utan at det kom til endeleg siger. Det neste, store oppgjeret mellom dei to kom ved Fimreite i 1184.
Før han segla til Fimreite, samla kong Magnus skipa sine ved Kvamsøy vest for Balestrand. Magnus sin hær nytta seg m.a. av kastesteinar som våpen. Dette var brynesteinar som dei hadde kapra frå ei skute som låg i Bergen før dei drog nordover. Mange av desse brynesteinane er seinare fiska opp frå sandgrunnen under slagstaden, og finst m.a. på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum.
Kong Magnus fall
Både kong Magnus, hæren hans på 2000 menn og dei fleste lendmennene som var med, fall i slaget. Ein av Magnus-tilhengjarane som fall i slaget, var storbonden
Ivar Elda frå Leikanger.
Fimreite-slaget avgjorde ikkje maktkampen
|
Minnesteinen vart reist i 1984. (Foto: Arild Nybø, NRK © 2003) |
Men slaget ved Fimreite vart ikkje avgjerande i maktstriden i Noreg:
Seinare kom kong Sverre og birkebeinarane i strid med baglarane.
Nikolaus Arnesson organiserte og leia baglarane. Sverre utfordra med måten han styrte på det gamle maktapparatet til kyrkja, og vart også lyst i bann av Paven i 1198.
Kong Sverre fekk ikkje løyst striden med Baglarane og kyrkja før han døydde i 1202.
I 1984 vart ein minnestein avduka på Norane av kong Olav V til minne om slaget ved Fimreite. I samband med 800-årsjubileet vart også historiespelet "Slaget ved Fimreite" framført.
Eventyraren Ragnar Thorseth frå Sunnmøre starta også på jordomsegling med knarr-kopien "Saga Siglar", og komponisten Arne Norheim komponerte det spesielle verket "Klokkesong" basert på neumene i
Kaupanger stavkyrkje.