(1632-1707) frå Bergen, busett på Rikheim.
(1660-1716). Prest i Lærdal frå 1687 til 1716. Hadde først det danske slektsnamnet Fanning.
(1696–1727) frå Røyrnes. Soldat i "kjempegarde".
Hans Carsten Atche
(1708-1771) frå Lolland i Danmark, prest i Lærdal frå 1743-1757 etter at han nokre år hadde vore prest i Aurland. Atche kan vere den første som dyrka potet i Noreg (sjå: "
Første norske poteta i Lærdal?").
(1732-1801) frå Gjedrum. Offiser og generalvegmeister i Trondheim Stift og Bergen Stift frå 1768.
Jonas Jørgenson Bolstad
(1737-1782) frå Luster, busett på Lærdalsøyri, der han frå 1767 var tilsett som bygdevektar. Vektaren var den tids ordenspoliti. Han hadde også til oppgåve å finne unge menn som freista å gøyme seg unna militærteneste. Jonas drukna i fjorden 1782.
(1754-1834) frå Stødno. Bonde og ein av dei fem utsendingane frå Sogn og Fjordane på Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814.
(1759-1823) Fødd på Toten. Offiser og generalvegmeister i Bergen.
(1760–1830) busett i Lærdal og Fresvik. Slekta ættar frå Hilde i Innvik. Handelsmann og godseigar.
(1762-1842) Fødd i Slesvig, Danmark. Offiser og leiar av byggearbeida på Kongevegen over Filefjell 1792-1793.
(1762-1870), frå Voss. Offiser og vegingeniør som leia arbeidet med utbetring av Kongevegen gjennom Lærdal kring 1840.
(1764-1803). Bonde på Ljøsne, som i 1800 og 1801 leia Lærdalsbøndene sin protest mot å gjere militærteneste ved sida av arbeidsplikta dei hadde på Kongevegen.
(1770-1831) frå Rikheim. Storbonde, offiser og lensmann.
(1784-1850) frå Stavanger, busett på Lærdalsøyri. Offiser, jurist og amtmann.
Hans Tostrup
(1799-1856) frå Hjelmeland, busett i Lærdal. Jurist, amtmann og politikar. Vart først utdanna som offiser, men hadde dårleg syn og måtte gje seg. Tok så juridikum i 1824. Hadde ulike stillingar i militærvesenet og i departementa fram til han vart konstituert amtmann i Jarlsberg og Larvik 1843. Amtmann i Sogn og Fjordane 1844-1852. Amtmann i Kristiansand 1852-1854. Stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane 1848 til 1851, då han berre fekk 9 røyster då han stilte til attval.