SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Kjende personar i Lærdal fødde år 1800-1850

Omtalene er ordna etter fødselsår:

Publisert 25.01.2002 10:14. Oppdatert 21.11.2006 19:00.

Jan Henrik Nitter Hansen

(1801-1879) fødd på Døsen i Luster og son av gjestgjevaren Tøger Hansen på Øyri.

Nils Rosing Bull

(1804-1857) frå Støren, busett i Lærdal. Prest og politikar.

Michael Conrad Sophus Emil Aubert

(1811-1872) frå Oslo, busett i Lærdal 1852-1860. Jurist 1835.

Knut Olson Aaretun

f. 1812. Ein av dei første lærdølene som utvandra til Amerika i 1844. Sonen Knut K. Aaretun tok det engelsk-klingande familienamnet Orton. Han grunnla småbyen Ortonville i Minnesota i 1779. (Sjå bilete av bauta under: Knut O. Aarethun.)

Peder Severin Pederson Hjermann

(1812-1862) frå Stødno. Bonde og politikar. Var m. a. varaordførar i Lærdal og stortingsrepresentant i 1845. Son til Eidsvollsmannen Peder Pederson Hjermann.

Carl Martin Pettersen

(1813-1898) frå Bergen, busett på Lærdalsøyri, der han dreiv som handelsmann og hadde fleire eigedomar. M.a. bygde han i 1844 eit av dei største bustadhusa i bygda - bygget som no kallast "Telegrafen" og innheld museum. I 1866 gjekk Pettersen konkurs.

John Collett Falsen

(1817-1879) Dr. jur., amtmann i Sogn og Fjordane 1861-1869, og statsråd.

Jan Rumohr

(1818-1889) Oppfostra i Bergen, busett på Rikheim. Offiser og eigar av storgarden Rikheim

Christen Christensen

(1826–1900) Fødd i Førde, oppvaksen i Lærdal. Offiser og politikar. Flytta like etter fødselen til Lærdal. Seinare oberst og ordførar i Vik. Vararepresentant til Stortinget 1862-1863 og 1865-1866.

Jørgen Christian Lindstrøm

(1820-1871) frå Bergen, busett på Lærdalsøyri. Gift med Birgitte Marthea (1821-1902), og saman grunnla dei Lindstrøm Hotell og handelsverksemd på Lærdalsøyri i 1845 (sjå "Forretnings- og hotellfamilien Lindstrøm"). Lindstrøm dreiv også ei tid sildesalteri i Kinn. Han var også ordførar i Lærdal.

Anders Torsteinson Mo

frå Lærdal. Gardsdreng i prestegarden på Tønjum og sentral tillitsmann i Thrane-rørsla (sjå "Thrane-rørsla og Lærdal"). Nær medarbeidar til agitatoren Gudbrand Larsen Lundløkken som organsierte den store gruppa av Thrane-rørsla i Lærdal i 1851. Mo vart lokal formann, og deltok på landsmøtet i 1851 der fleirtalet i gjekk inn for arbeidarrevolusjon i Noreg. Etter at Thrane-rørsla vart sprengd av styremaktene, flytta Anders Torsteinson Mo til Stavanger, og avslutta livet som lekpredikant med bustad på Voss.

Andreas Mathias Andresen

(1826-1890) frå Farsund, busett i Lærdal. Lensmann og politikar. Hadde ymse kontorstillingar og var styrar på Lyse Kloster frå 1853 til 1857, då han vart lensmann i Lærdal. Var m.a. medlem av Matrikkelkommisjonen og styret for Fylkesbaatane. Vararepresentant til Stortinget 1871-1882. Møtte frå 1874 til 1876 fast på Stortinget.

Ola Eriksson Granden

(1827-1912) var den første profesjonelle kleppar i Lærdalselva.

Knut Andersson Forthun

(1833-1888) frå Fortun i Luster, busett på Lærdalsøyra der han ca. 1880 bygde Lærdalsørens Hotell, som etter eigarskifte endra namn til Kvammes Hotel.

Carl Gustav Winsnes

(1834-1910) frå Vik, ei tid busett i Lærdal. Prest og politikar.

Jon Knutson Hæg

(1835-1924) fødd på Nystuen, busett i Borgund. Bonde og Venstre-politikar. Vart bonde på Hegg i 1865, og var medlem av kommunestyret i Borgund i lang tid. Ordførar i 26 år. Han var også postopnar i Borgund. Vararepresentant til Stortinget 1883-1885 og 1892-1894.

Henrik Mohn Dahl

(1844-1909) frå Bergen. Sokneprest i Lærdal 1863-1869, seinare styrar av Sogndals folkehøgskule og stortingsmann for Høgre.

Knut Kvikne

(1844-1914) frå Lærdal, busett i Balestrand.

Jens Knutson Forthun

(1844-1903) frå Lærdalsøyri. Lærar og tonediktar. Han sette tone til salmar og songar. Ei samling frå 1871 er teken vare på i Norsk Musikksamling.

Per Tomassen Stønjum

(1845-1930) frå Lærdalsøyri. Bonde, handelsmann og politikar. Han kjøpte i 1896 det staselege "Stødnahuset" på Lærdalsøyra og dreiv butikk der samstundes som han var gardbrukar på Hjermann-garden på Stødno, der han hadde gifta seg med enkja etter Peder Pederson Hjermann (1841-1868). Per Stønjum var i kommunestyret i 30 år, mange år som ordførar, og styremedlem i sparebanken i 50 år. Tildelt Borgardådmedaljen i sølv.

Anders Olsson Lærdalsøyri

(1846-1921) frå Lærdalsøyri. Han vart kalla "Stormålaren".

Knut Knutson Aaretun

(1846–1890). Busett i USA og son av den første utvandraren frå Lærdal Knut Olson Aaretun, f. 1812. Knut K. Aaretun tok det engelsk-klingande familienamnet Orton. Han grunnla byen Ortonville i Minnesota i 1879.

Othto Albert Blehr

(1847-1927), jurist og Venstre-politikar.

Ole Johan Lindstrøm

(1848-1914) frå Lærdalsøyri. Hotelleigar, handelsmann og politikar. Overtok forretninga etter faren Jørgen Christian Lindstrøm (sjå denne lenger oppe på sida) i 1871, og bygde frå 1885 til 1898 ut hovudbygget på hotellet og andre bygningar i "hotellhagen" i den karakteristiske sveitsarstilen (sjå "Forretnings- og hotellfamilien Lindstrøm").

Ole Kvikne

(1849-1913) frå Lærdal, busett i Balestrand. – Sjå Balestrand kommune.


Neste side:
· Kjende personar i Lærdal fødde år 1850-1900
Førre side:
· Kjende personar i Lærdal fødde år 1600-1800
Hovedside:
· Kjende personar i Lærdal


MEIR OM LÆRDAL 
Lærdal kommune

 
Aviser og media i Lærdal
Historia i Lærdal
Industri og næring i Lærdal
Kjende personar i Lærdal
Kommunehistoria i Lærdal
Krigshistoria i Lærdal
Kyrkjer i Lærdal
Samferdsle i Lærdal
Skular i Lærdal
Verd å sjå i Lærdal

 
Lyd frå Lærdal
Video frå Lærdal
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no