SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Flora:

Florø sjukehus

Førde sentralsjukehus Florø. (Foto: Heidi Lise Bakke, NRK)
Førde sentralsjukehus Florø. (Foto: Heidi Lise Bakke, NRK)
Frå 1924 starta Sunnfjord krins av Røde Kors pengeinnsamling for få sjukehus med heilårsdrift i Florø til avløysing for Fiskarsjukehuset som berre hadde ope tre månader i sildetida. For 60.000 kroner vart det i 1926 reist eit tilbygg med 36 senger til Fiskarsjukehuset.

Publisert 25.01.2002 14:49. Oppdatert 08.07.2003 13:05.
Men kapasiteten på sjukehuset vart raskt sprengd, og då legen Johan Yttri vart tilsett som overlege i 1929, vart det planlagt eit nytt sjukehus som var stort nok til å stette trongen for sjukehusplassar for Fjordane og Ytre Sogn (Indre Sogn fekk Lærdal sjukehus i 1930).

Lovnad frå Singer

Noko som sette fart i byggjeplanane var at den styrtrike amerikanske kunstnaren William Henry Singer jr. i Olden gav lovnad om ei stor pengegåve til bygginga. Men han trekte seinare lovnaden til Florø og bygde i staden Nordfjord sjukehus for nordfjordingane på Nordfjordeid. Florøværingane samla då inn ein like stor sum som Singer hadde lova, og sjukehuset vart bygd.

Det nye fylkessjukehuset i Florø stod ferdig i 1933 med 60 senger. Etter ei utviding i 1962 hadde sjukehuset 110 senger på medisinsk-, kirurgisk- og fødeavdeling.

Sjukehusstriden 1967–1972

Sjukehusstriden som loga opp på 1960-talet då det vart lagt fram planar om nytt sentralsjukehus i Førde, toppa seg i Flora i 1971 (sjå Kommunehistoria i Flora). Striden enda med bygging av Førde Sentralsjukehus i Førde i 1979, og modernisering av lokalsjukehusa.

Sjukehuset i Florø fekk 60 senger. Gamlebygget vart pussa opp og utvida med eit nybygg i 1977.


Nedlegging

(Foto: Arild Nybø, NRK)
I 1994 vart sjukehuset i Florø omgjort til ei avdeling under sentralsjukehuset i Førde, og fekk sterkt avgrensa funksjonar i høve til tidlegare.

I 2003 vedtok styret i Helse Vest at dei kirurgiske og indremedisinske tenestene ved sjukehuset i Florø skal flyttast til andre sjukehus i Helse Førde. Styret vedtok også at det skal etablerast eit nærsjukehus i Florø, i samarbeid med kommunane Flora og Bremanger.

Florø sjukehus er frå 2002 underlagt det statlege Helse Førde. (Foto: NRK)

Sjå også:
· Sjukehusstriden i 1928
· Sjukehusstriden 1967–1972


MEIR OM FLORA 
Flora kommune

 
Aviser og media i Flora
Historia i Flora
Industri og næring i Flora
Kjende personar i Flora
Kommunehistoria i Flora
Krigshistoria i Flora
Kyrkjer i Flora
Samferdsle i Flora
Skular i Flora
Verd å sjå i Flora

 
Lyd frå Flora
Video frå Flora
MEIR OM SJUKEHUSA I SOGN OG FJORDANE 
Florø sjukehus
Førde Sentralsjukehus
Lærdal sjukehus
Nordfjord sjukehus

 
Helse Vest
Sjukehusstriden i 1928
Sjukehusstriden 1967–1972
SE OGSÅ
Siste saker:

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no