SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Skular i Flora

Reknetime på Hovden udelte skule i 1951. (Foto © Fylkesarkivet)
Reknetime på Hovden udelte skule i 1951. (Foto © Fylkesarkivet)

Publisert 25.01.2002 15:38. Oppdatert 03.10.2006 19:36.
Undervisning på Årebrot skule. (Foto: Torje Bjellaas, NRK)

Lærarskule på Svanøy?

Florø barneskule


Amtsskulen i Florø


Husmorskulen på Svanøy

Den første husmorskulen i fylket vart starta i Holmedal i 1877 (sjå Skular i Askvoll). Etter strid med privatpersonen som dreiv skulen, vart skulehaldet lyst ut på tilbod. Proprietær Ole T. Svanøe fekk tilslaget, og skulen heldt til på herregarden frå 1891 til 1897. Då vart han flytta til Kroken i Luster (sjå Luster kommune), fordi Ole Svanøe ikkje ville utvide skulebygget, slik fylket kravde. I tida skulen heldt til i Holmedal og Svanøy, gjekk det 349 elevar ved husmorskulen.

Middelsskule, realskule og ungdomsskule

I 1899 vart det starta middelsskule i Florø. Skulen var eigd av kommunen og private, og apotekar J.W. Flood vart tilsett som styrar. Skulen vart tre-årig realskule i 1930. Realskulen hadde tre realskuleklassar og to framhaldsskuleklassar.

Realskulen og framhaldskulen vart avløyst av ungdomsskule i 1970. I staden for internat, satsa Flora kommune på ei omfattande skuleskyssordning med hurtigbåtar til øyane. Brødrene Aa i Hyen i Hyen bygde dei fleste båtane, som også fungerte som bygderuter til byen.

I tillegg til Florø, er det eigen ungdomsskule i Eikefjord og Norddalen (sjå nedanfor).

Målskulen

Flora mållag vart skipa 1911 og dreiv kveldssskule -"målskulen" - frå 1911 til 1913. Skulen hadde undervisning i nynorsk og engelsk og hadde 20 elevar.

Fiskarfagskulen i Florø


Florø Merkantile Forenings Handelsskule

vart skipa i 1935 av den lokale handelsforeninga. Skulen vart dei første åra driven som kveldsskule. Seinare stortingsmann og ordførar Ludvig Olai Botnen var mellom styrarane ved handelsskulen, som gjekk inn i Flora vidaregåande skule i 1976 (Flora gymnas).

Flora lærlingeskule

vart starta i 1956 med 22 elevar i første kullet. Skulen var treårig, og Hjalmar Nordal var styrar. I dei åra skulen var i drift, vart den driven som kveldsundervisning.

Flora gymnas


Hopen Vidaregåande Skule og Evangeliesenter

i Eikefjord har sidan 1988 vore driven av pinserørsla i Norge som eit rehabiliterings-og utdaningssenter for unge rusmisbrukarar. Skulen har 46 elevar frå heile landet, gjev undervisning i snekkarfag, kokkefag og allmennfag. Skulen har eige internat.

I samband med asylmottaket på Solbakken er det sett i gang grunnskuleundervisning for innvandrarar og asylsøkjarar. Språkundervisning for asylsøkjarar og innvandrarar finst i 2002 også i Førde, Gloppen, Stryn, Sogndal og Aurland.

Svanøy skule.

Kommunale skular idag:

(Tal frå 2001)

Askrova (1.-7. klasse) 16 elevar
Batalden (1.-7. klasse) 12 elevar
Brandsøy (1.-7. klasse) 69 elevar
Eikefjord (1.-10. klasse) 158 elevar
Flora ungdomsskule (8.-10. klasse) 402 elevar
Florø barneskole (1.-7. klasse) 487 elevar
Krokane (1.-7. klasse) 230 elevar
Rognaldsvåg (1.-7. klasse) 14 elevar
Solheim (1.-10. klasse) 32 elevar
Standal (1.-7. klasse) 28 elevar
Steinhovden (1.-7. klasse) 27 elevar
Svanøy (1.-7. klasse) 15 elevar
Torvmyrane (1.-7. klasse) 191 elevar
Årebrot (1.-7. klasse) 17 elevar

Skulehuset på Kinn på 1920-talet. Lærar Sofie Indrebø er personen i midten. (Foto © Fylkesarkivet)


MEIR OM FLORA 
Flora kommune

 
Aviser og media i Flora
Historia i Flora
Industri og næring i Flora
Kjende personar i Flora
Kommunehistoria i Flora
Krigshistoria i Flora
Kyrkjer i Flora
Samferdsle i Flora
Skular i Flora
Verd å sjå i Flora

 
Lyd frå Flora
Video frå Flora
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no