SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Industri og næring i Flora

Florø. (Foto: NRK)
Florø. (Foto: NRK)
Omtalene er ordna etter oppstartsår:

Publisert 29.01.2002 13:03. Oppdatert 15.05.2007 10:11.

· Bankar og trygdelag i Flora
· Fabrikkar, verkstader og verft i Flora
· Fiskeriverksemder i Flora
· Gamle handelsstader i Flora
· Landhandlar i Flora


ENKELTOMTALER:


Forretningsfamilien Hjørnevik

- og Hjørnevikbua.

Salomonsens Hotell

i Florø vart bygd i 1881 av Tomasine Salomonsen, som dreiv hotellet til ho døydde i 1913. Dei neste 10 åra vart det drive av kjøpmann Leif Sandahl som eigde huset. Etter 1923 vart det m.a. drive av ”frøken” Sørbotten fram til 1931 som sjølvstendig hotell. Frå 1931 til andre verdskrig leigde Victoria Hotell det som anneks. Etter krigen dreiv Henrik Hellesen hotell i huset fram til 1948.

Peder B. Solheim

starta i 1886 landhandel i Norddalsfjorden. I 1897 bygde han stor forretningsgard i Florø sentrum, der firmaet dreiv daglegvarehandel og avdelingar for sko og manufaktur.

O.Paulsen

starta bokhandel i Florø i 1886.

Kinns Forbruksforening

starta handel i Florø i 1888 med P. Havikbotten som styrar. Seinare overtok A. D. Svardahl som styrar, men han starta eigen butikk i 1897. Denne overtok sonen Anton Svardahl i 1926. Også seinare styrarar, som Lina Nærø, starta eigen butikk i 1905. Den siste styraren av Kinns Forbruksforening var Ludvig Sundal. Han kjøpte Kinns Forbruksforening i 1910 og dreiv den sidan saman med sonen.

Ellen Christiansen

starta manufakturforretning i Florø i 1889. I 1897 vart eigedomen kjøpt av Peder B. Solheim. (Sjå denne under Landhandlar i Flora).

Florø Apotek

skipa 1889 etter at kommunen fleire gonger heilt frå 1874 hadde søkt og fått avslag.

Victoria Hotell

Etter skiftande eigarar, overtok Severin Halvorsen frå Tvedestrand Olsens hotell på 1920-talet. Hotellet vart heitande Victoria Hotell, og har vore i Halvorsen-slekta sidan.

Brørne Lyder og Bertinus Sunde

starta i 1893 landhandel, bakeri, fiskemottak og trandamperi i Rognaldsvåg. Dei hadde også post og rutebåtekspedisjon. Son til Lyder, Ditlef, tok over i 1915. Hans-Jacob Sunde driv i 2001 som fjerde generasjon framleis landhandelen.

Johan Stephansen

starta bokhandel i Florø i 1894.

Amalie Sandahl

starta manufakturforretning i Florø i 1898.

Johannes Moe

starta som urmakar i Florø i 1898.

N.M. Egeberg

var bakar i Florø, og dreiv frå 1901 også med vanleg landhandel.

Oleanne Skodden

dreiv frå 1902 og i nokre år frametter manufakturforretning i Florø.

O. Joh. Olsen Kullforretning

vart skipa 1905 av Ole Johan Olsen som bygde sjøhus med lager og kai i sentrum. Då han døydde i 1911, dreiv enkja Anna Øen-Olsen vidare, og starta i 1948 også Florø Fargehandel.

Gullsmed J. Angell-Jacobsen

starta i 1906 verkstad og forretning i Florø. Han hadde starta i Ålesund 1893, men valde å flytte til Florø etter Ålesunds-brannen i 1905. Sonen, også han J. Angell-Jacobsen, overtok i 1933. På 1890-talet var det óg ein Julius Pettersen som arbeidde som gullsmed i Florø. Angell-Jacobsen-familien etablerte seg seinare som gullsmedar også i Måløy.

P. Stenseth

starta trelastforretning i Florø i 1907.

J. Langø

starta jernvareforretning i Florø i 1907. Han dreiv i tillegg med fiskehandel. Denne forretninga skifta seinare namn til Langø & Co.

Alfred Trovik Bakeri og Konditori

Grunnlagt 1908 av Andreas Trovik.

Kaféen Kakebua

Kaféen Kakebua i Strandgata er ein institusjon i Florø. Bak Kakebua står Jørund Trovik, som etter at han overtok i 1972 har gjort kaféen til eit levande museum med utstyr frå fiske og sildebuer.

Von Gartneri L/L

vart skipa 1910 av Alfred Hegranes som eit av dei første i Sogn og Fjordane. Gartneriet vart drive vidare av familien, og har hatt 8 personar i fast arbeid, forutan sesonghjelp. Gartneriet er nedlagd.

Ludvig Solberg

frå Årebrot starta i 1912 glas- og rammeforretning i Florø. Seinare vart det daglegvarehandel og radioforretning.

Sigurd Solberg A/S

- sjå Ludvig Solberg.

Ole A. Eikefjord

landhandel, tønnefabrikk og møbelverkstad. Eigedomane etter Ola A. Eikefjord er no eigde av Arve Havn, som m.a. driv bilforretning og bensinstasjon (sjå under Albert Eikefjord).

Hopen & Solheim

var dampskipsekspeditørar for Fylkesbaatane i Florø frå 1914. Bak firmaet stod Karl. S. Hopen og S.I. Solheim. Dei hadde også ekspedisjonen av rutebåtar for andre reiarlag som dreiv kystfart.

Vestlandske Petroleumskompani

bygde ca. 1915 tankanlegg for bunkersolje på øya Rota. Seinare overteke av Sigurd Nybø .

Kristian Jansen

- dampskipsekspeditør og representant for Saga Petroleum.

Landbruk Maskin-aksjeselskap

vart starta i Florø i 1919 med Mads Henrik A. Standal som medeigar og dagleg leiar.

Camilla Kringlen

starta i 1916 manufakturforretning i Florø.

Øistein Døsen

starta i 1921 agenturforretning i Florø, og dreiv i tillegg ein liten brusfabrikk.

Florø Bokhandel A/S

vart skipa 1924 av G. Økland.

Signe Hatlem

starta manufaktur- og moteforretning i Florø i 1925.

Herman Sunde

starta trelastforretning i Florø i 1929.

Malvin Horne fotoforretning

Starta i 1929 av Malvin Horne. Han gjorde det etterkvart til ein spesialitet å ta bilete av fiskebåtar og fiskarar i aktivitet på fiskefelta, særleg under sildeåra på 1950-talet.

Batalden Ishuslag

vart skipa i 1935 av fiskarlaget i Batalden.

Ytre Fjordane Kraftlag - YFK

skipa 1936 med hovudkontor i Florø.

Olav Sande - forretningsmannen

- starta m.a.:

Radiofabrikken Vest Radio.
Sande Bilsenter
A/S Momentan
Urmakarforretning
Sande Reisebyrå


Forretningsmannen Mads Henrik A. Standal

var ein av dei mest allsidige forretningsmennene i Florø i etterkrigstida.

Vest Foto

skipa 1946 av Olav Sande - forretningsmannen. Seinare eigarar har vore Kåre Botnmark, Sigrid, Roald og Are Fjellestad og Reiakvam Foto. Ei stor biletsamling av historisk verdi er teken vare på ved Kystmuseet, og er tilgjengeleg for publikum.

O. Julnes A/S

entreprenørforretning, vart skipa i 1947 av Ole Julnes, og er den største entreprenørforretninga i ytre Sunnfjord. I år 2000 omsette verksemda for 35 millionar kroner og hadde 35 tilsette. Frå årsskiftet 2000/2001 skifta firmaet namn til All-Bygg.

Florø Fargehandel

vart starta i 1948 av Anna Øen-Olsen.

Felleskjøpet i Florø

Felleskjøpet, opphaveleg Vestlandske Kjøpelag, etablerte seg i Florø i 1949 og bygde mjølblanderi og kraftfôrlager i 1954.

Vestlandske Kjøpelag

- sjå: Felleskjøpet i Florø og Felleskjøpet Øst Vest.

Kr. Stenbakk

starta entreprenørforretning i 1949, og bygde den opp til ei av dei største i Florø. Drive vidare av sonen Ole Kr. Stenbakk.

Gartnerhallen

bygde lager i Florø i 1956. Samvirkeselskapet flytta over i større nybygg på 1970-talet. På 1990-talet vart Gartnerhallen slege saman med Bama, og nokre år seinare vart avdelinga i Florø lagd ned.

Sigurd Solberg A/S

- sjå Ludvig Solberg.

Kakebua

- sjå Alfred Trovik Bakeri og Konditori.

BB-gruppen AS

Eig fleire selskap innan vask, rens og reinhald og vart skipa i 1970 av Ester og Rolf Belsvik. I starten heitte selskapet Sunnfjord Vask og Rens, men har etter kvart vakse til ei av dei største i bransjen på Vestlandet.

Batalden Systove

vart starta på Batalden i 1970 av Reidun og Kjell Russøy.

E. Karstensen Fiskeoppdrett A/S

vart starta i Batalden i 1972 av Erling Karstensen.

Bama/Gartnerhallen

- sjå Gartnerhallen 1956.

Industrikontakt - Olav Ellingsen & Co.

- sjå ingeniør og oppfinnar Olav Ellingsen.

INC-gruppa

Investerings- og industrigruppe skipa i Florø i 1984. Driv m.a. West Industri Service, Eikefjord Marine, Fjord Base, og INC Vedlikehold i Svelgen.

Fjord Base

Den største "leigetakaren" på oljebasen vart Saga Petroleum, som sidan 1975 hadde drive prøveboring utanfor kysten og hadde eit lite kontor i Florø. INC-gruppa har kontrakt på basen fram til 2016.

Haukå Settefisk

Sjå omtale under samleartikkel: Laksehovudstaden Florø.

Firda Settefisk

Sjå omtale under samleartikkel: Laksehovudstaden Florø.

Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane

- sjå artikkelen Fylkesbaatane til Florø i 1986.

Handelshuset Snorre Senter

vart bygd i 1988 etter initiativ frå kjøpmann Victor Hellesen. Senteret inneheldt kring 25 forretningar på 8000 kvadratmeter, men gjekk konkurs midt på 1990-talet, og vart drive vidare av Sentereigedom AS. Etter eigarskifte, vart handelssenteret heitande AMFI-senteret.

Restaurerte havbuer på Batalden.

Batalden Havbu

vart skipa i 1988 av Gunhild Bjelland, som overtok og restaurerte bygningane på den ca. 160 år gamle fiskargarden som overnattings- og kursstad. Presenterer gamal kystkultur og historie, og driv eige kunstgalleri.

Økland Libris

– sjå Florø Bokhandel A/S.

Øytex

1989 – sjå Batalden Systove.

Vestkysten Reiseliv

vart skipa i 1993, som felles reiselivskontor for kommunane Flora, Bremanger og Naustdal.

HAVdyrkerne

innkjøpsselskap, skipa 1995 – Sjå omtale under samleartikkel: Laksehovudstaden Florø.

Quality Maritim Hotel har innlemma Haavebua (t.h.) i hotellet. (Foto: Arild Nybø, NRK)

Quality Maritime Hotel

i Florø sentrum vart bygd i 1997, etter at entreprenør Ole Stenbakk hadde rehabilitert den gamle sjøbua til Abraham Haave. Hotellet har 150 senger, sysselset 20 årsverk og hadde i 2000 ei omsetning på 16 millionar kroner.

Kreditkassen

etablerte avdeling i Florø i 1997. Frå 2000 er banken slegen saman medden nordiske storbanken Nordea.

Vinmonopol-utsal

fekk Florø i 1998.

Batalden Skjel

vart starta i 1999 av Rolf og Linda L. Batalden. Dei gjorde først eit mislukka forsøk på kamskjeldyrking, men har sidan 2002 konsentrert seg om blåskjel.

Osen Gard

i Høydalsfjorden vart i 1999 kjøpt av Hans Terje Aanonsen og bygd ut som ein eksklusiv jakt- og fiskegard.

Havlandet Havbruk AS

vart skipa i år 2000 som eit underselskap i INC-gruppa.

Kleven Design

- sjå artikkelen Ankerløkken Verft.

Mercatus AS

er ei dataverksemd som vart skipa i Florø i 2000 av Knut Eikeland og Michael Dorfman.

Florø Invest

investeringsselskap vart skipa i Florø i 2000.

Havlandet Marin Yngel AS

vart skipa i 2001 og driv yngeloppdrett på eit anlegg ved Fjord Base, og har i 2005 konsesjon på fem millionar setjefisk.

Nordvestlandske AS

trafikkonsern vart skipa i 2002 - sjå artikkelen Fylkesbaatane til Florø i 1986.

Fjord 1

trafikkselskap vart namnet til trafikkselskapet som m.a. Fylkesbaatane vart ein del av i 2002 – sjå artikkelen Fylkesbaatane til Florø i 1986.

Havlandet Marinfisk AS

vart skipa i 2003 og driv oppdrett i Fanevik i Norddalsfjorden. I 2004 oppretta Havlandet eit anlegg for torskeoppdrett på Russenes i Førdefjorden.

OverFlate Service AS

Terje Knutsen og Lars Kåre Johannessen er to tidlegare verftsarbeidarar som starta eiga verksemd for industrimåling og overflatehandsaming i 2004. I 2007 starta dei også fargehandel i det nedlagde Køff-bygget i Evja.

HFL Havlandet Forskingslaboratorium

i Gunnhildvågen vart starta i 2005 og driv m.a. med fóranalysar for oppdrettsnæringa.

Bokland AS

skipa 2005 – Sjå Florø Bokhandel A/S.

Florøen Eiendom AS

vart skipa i 2006 av Sverre Stenbakk og Vidar Grønnevik frå Florø, og Rune Helle og Bjørn Solheim frå Førde. Selskapet driv m.a. oppkjøp og utbygging av store eigedomar i Florø sentrum.

Florø Hotell

- sjå Langebruvegen 19 AS .

FjordKysten

er eit reiselivssamarbeid som vart skipa i 2007 som har som mål å drive felles marknadsføring av kysten i Sogn og Fjordane. Bak FjordKysten står reisemålselskapa Reisemål Stryn & Nordfjord, Vestkysten Reiseliv i Florø og reisemålselskapet for Dalsfjorden og Ytre Sogn.

Elkjøp Fjordane

- sjå Ludvig Solberg.



MEIR OM FLORA 
Flora kommune

 
Aviser og media i Flora
Historia i Flora
Industri og næring i Flora
Kjende personar i Flora
Kommunehistoria i Flora
Krigshistoria i Flora
Kyrkjer i Flora
Samferdsle i Flora
Skular i Flora
Verd å sjå i Flora

 
Lyd frå Flora
Video frå Flora
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no