I 1908 bygde Florø-mannen
Elias Olsen saman med Bergensfirmaet Einar Hausvik, A/S Florø Conservesfabrik. (Same året starta
Sognefjord Sardine Co. A/S hermetikkfabrikk på Hermansverk.
To år seinare slo eigarane av fabrikken i Florø seg saman med United Sardines Factory i Bergen, og bygde fylkets største hermetikkfabrikk i mur like ved sentrum. Hermetikkfabrikken vart raskt den største arbeidsplassen i Florø, med opptil 160 arbeidarar i sesongen. Den la ned all slags fiskehermetikk, og produserte mykje av emballasjen sjølv. Fabrikken vart lagt ned tidleg på 1930-talet.
Johan Gotteberg frå Måløy kjøpte anlegget i 1937. Han og familien dreiv til ut på 1950-talet, då nye eigarar tok over drifta under firmanamnet Florø Hermetikkfabrikk. I 1965 overtok hermetikk-konsernet Chr. Bjelland. I 1969 vart fabrikken totalskadd av brann. Ny fabrikk stod ferdig i 1972, men for å berge både denne og annan norsk hermetikkindustri gjennom krisa på 1970-talet, vart dei norske fabrikkane samla i Norway Foods. Fabrikken i Florø vart likevel stengd i 1987.
I 1988 overtok
Domstein-konsernet i Måløy eigedomen og bygde den ut til lakseslakteri under namnet
Florø Fiskeindustri A/S.