SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næring i Gloppen:

Brødrene Aa i Hyen

M/B
M/B "Fyken" var bygg nr. 1 ved Brødrene Aa Båtbyggeri i 1947. (Foto © Fylkesarkivet)
Bak namnet stod brørne Olav Aa og Bertel Aa – som i 1947 grunnla det som skulle bli eit av dei største båtverfta i fylket. Dei installerte seg i eit nedlagt ysteri.

Publisert 05.02.2002 10:12. Oppdatert 12.06.2006 11:25.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
I dag brukar Brødrene Aa mykje glasfiber i produksjonen.
Bertel hadde snikkarkurs, Olav handelsskulen, men utover det hadde dei korkje kapital eller kunnskap om båtbygging.

Starta med luksusbåtar

Dei første teikningane kjøpte dei gjennom mannfolkbladet ”Skib O’hoi”, og med hjelp frå ein kjenning i Hardanger kom dei i gang med bygging av dei første hurtiggåande lystbåtane i tre. Dei fekk hjelp av ein av landets beste båtkonstruktørar, Richard Furuholmen, som i mange år teikna dei eksklusive lystbåtane som Brødrene Aa produserte.

I 1950 bygde dei verkstad ved sjøen. Verftet bygde frå 1953 og fram til plast tok over kring 1960, små robåtar i kryssfinèr.

(Foto © Br. Aa)
Verftet spesialiserte seg etterkvart på bygging av hurtiggåande skyss- og ambulansebåtar. I alle kystkommunane i fylket, frå Vågsøy og sørover, har det gjennom dei siste 40 åra trafikkert skyssbåtar bygde i Hyen.

Over til plast

Midt på 1970-talet la Brødrene Aa om produksjonen til plastbåtar, bygde med den såkalla ”sandwich”-metoden. Dette gjev båtane eit sjølvberande skrog utan tradisjonell spanting.

I 1979 kom sivilingeniør Ola Lilloe-Olsen til Hyen, der han starta Teknisk Modellsenter. Han bygde modelltank i ein nedlagd fabrikkhall hos Brødrene Aa. Lilloe-Olsen har sidan samarbeidd tett med Brødrene Aa i utvikling av nye båttypar.

Den første båten med katamaranskrog var ”Hyen”. Den vart i 1980 leigd av Fylkesbaatane, som ynskte å prøve ut båtkonstruksjonen. I 1982 starta utviklinga av ein ny katamaran-type som fekk namnet SES (Surface Effect Ship). Dette var ei kryssing av katamaran og luftputefarty, der skjørt og to skrog tilsaman skulle gje luftpute-effekten. Eit eige selskap – Cirrus – stod for utviklinga av båten. Prototypen vart sjøsett 1984, men vart ingen umiddelbar suksess. I staden hamna Aa i rettssak med dei andre samarbeidsselskapa om eigedomsretten til teknologien.

Avdeling i Eikefjord

Midt på 1980-talet hadde Brødrene Aa kring 70 tilsette, og hadde store problem med å skaffe nok arbeidskraft til Hyen. Utsiktene til kontrakter med Sjøforsvaret på mineryddingsfarty av luftputetypen, gjorde at Brødrene Aa i 1987 bygde eit nytt verft til 26 millionar kroner i Eikefjord i Flora kommune. I kom også Ulstein-gruppa inn med 50 prosent. Eikefjord-verftet tapte kontrakten i 1989.

Konkurs og ny drift

Brødrene Aa gjekk konkurs i 1991, og over 100 tilsette stod utan arbeid. Sjølve meinte eigarane at mykje skuldast Fylkesbaatane, som valde verftet Fjellstrand då dei skulle byggje nye hurtigbåtar i 1987.

Arbeidarar hjå Brødrene Aa gjer ferdig plasttunneler. (Foto: NRK)
Etter konkursen i 1991 vart Eikefjord-verftet teke over av i Florø. Aa-familien starta etter ei tid ny drift i lokala i Hyen under det gamle firmanamnet Brødrene Aa A/S. Dei siste åra har m.a. deksel til oljekontruksjonar på havbotnen, og styrehus til tog vore nokre av produkta.

I 2006 vart produksjonshallen i Hyen utvida til 40 meter for å kunne byggje større båtar.

Produksjonanlegget til Brødrene Aa. (Foto: NRK)


MEIR OM GLOPPEN 
Gloppen kommune

 
Aviser og media i Gloppen
Historia i Gloppen
Industri og næring i Gloppen
Kjende personar i Gloppen
Kommunehistoria i Gloppen
Krigshistoria i Gloppen
Kyrkjer i Gloppen
Samferdsle i Gloppen
Skular i Gloppen
Verd å sjå i Gloppen

 
Lyd frå Gloppen
Video frå Gloppen
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no