SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Samferdsle i Hyllestad:

Den Trondhjemske Postvei i Hyllestad

Postvegen er restaurert og merka. (Foto: Tor Sivertstøl, NRK)
Postvegen er restaurert og merka. (Foto: Tor Sivertstøl, NRK)
Den Trondhjemske Postvei vart bygd gjennom fylket i 1795. Mykje av vegen som brukande køyreveg.

Publisert 06.02.2002 13:40. Oppdatert 04.04.2002 12:16.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
I Hyllestad går postvegen frå Leirvik over Skor til Flekke i Fjaler og skriv seg frå 1786. Frå sør vart posten rodd over fjorden frå Rutledal i Gulen. I Fjaler vart den rodd frå garden Tross i Dale sentrum og til Sveen i Bygstad. Derfrå går postvegen over Bringeland og Langeland til Førde.

Fast postrute

Frå 1885 vart det starta regulær postrute ein gong i veka mellom Bergen og Trondheim, og vegen vart utbygd til kjerreveg fram mot 1800. Ingemar Nordstrand sto på 1990-talet i spissen for restaurering og merking av Den Trondhjemske Postvei mellom Leirvik og Dale. Han fortel at det var eit sterkt engasjement frå offiserar og andre embetsfolk i Leirvik og Fjaler som gjorde at postvegen vart lagt etter denne lina i staden for å gå frå Vadheim til Førde.

Då Vadheim-Førde vart bygd i 1837, avløyste den postvegen som hovudveg mellom Sunnfjord og ytre Sogn.

Den gamle postvegen mellom Leirvik pg Dale er skilta. (Foto: Per Johan Grue, NRK)

MEIR OM HYLLESTAD 
Hyllestad kommune

 
Aviser og media i Hyllestad
Historia i Hyllestad
Industri og næring i Hyllestad
Kjende personar i Hyllestad
Kommunehistoria i Hyllestad
Krigshistoria i Hyllestad
Kraftforsyninga i Hyllestad
Kyrkjer i Hyllestad
Samferdsle i Hyllestad
Skular i Hyllestad

 
Lyd frå Hyllestad
Video frå Hyllestad
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no