Første varselet om at sildeeventyret kunne ta slutt kom i 1868. Etter eit lite blaff året etter gjekk det raskt nedover, og i 1873 var det så godt som tomt hav. Og då sommarsilda og torskefisket samstundes gjekk mykje tilbake, var krisa nærmast total kring 1880.
Notalaga frå innlandet plukka ned sjøbuene og tok dei med tilbake dit dei kom frå. Oppkjøparskutene såg ein ikkje lenger, og mange handelsmenn i Florø stengde og reiste
sin veg. Dei kunne ikkje leve av å selje varer på krita til eit stadig meir pengelaust og utarma kystfolk. Folk flytta bort. Mange drog til Amerika, men det gjekk også flyttestraumar til Bergen og Nord-Norge. I 1875 var det så ille at det vart sett igang ei landsinnsamling til dei naudlidande i Kinn og Florø. Resultatet var 2000 spesidalar, og dessutan mat og klede, som Fylkesbaatane frakta kostnadsfritt til Florø.
På "vaksenopplæring" i Nederland
Det var i desse vanskelege åra at fiskarar frå Sunnfjord vart sende på "vaksen-opplæring" til Nederland: Både England, Tyskland og Nederland var tidlegare ute enn Norge med både havfiske og moderne fiskedampskip. I Nordsjøen dreiv dei dorging etter makrell, og sildefiske med den nye fisketeknikken drivgarn. I 1880 vart sju fiskarar frå Sunnfjord sende til Nederland for å lære drivgarnsfiske, og plasserte som læregutar om bord på hollandske drivgarnsbåtar. Året etter reiste det 16 til. Bak dette opplæringstiltaket sto "Selskabet for de norske fiskeriers fremme". Lokalavdelinga i Florø heitte "Florø Fiskeriselskab", skipa i 1880. Frå 1886 vart det fiska litt med drivgarn kring Kinn og Bremanger, men gjennombrotet for fiskemetoden kom først kring 1900.
Prøving og feiling ut av krisa
Kystfolket sat ikkje passive og venta på betre tider: I 1884 kjøpte folk i Florø fire seglskøyter med dekk for å prøve seg på det nye bankfisket. Det same gjorde ei skøyte frå Måløy. Dei fiska rett vest for vår eigen kyst, men med magert resultat. Eit nytt forsøk med bankfiskebåt i Florø i 1891 enda i konkurs etter eit par år.
Det gjekk betre då fiskebåtar frå kysten av Fjordane reiste nord om Stad for å delta i det store torskefisket på Mørekysten. Andre tok seg hyre på lokale fiskebåtar frå Møre. I 1885 var det jamvel 18 båtar frå Sogn og Fjordane som tok den lange og fårefulla ferda til Lofoten for å vere med på sesongfisket der. I 1880 og 1881 rusta kjøpmann
Johan Dahl frå Florø ut tre seglfarty for sildefiske ved Island. Seglførande fiskekutterar frå fylket tok også del i det gode dorgefisket etter makrell i Nordsjøen kring 1900. Det var under ein slik tur at kutteren "Oscar" frå Bremanger forliste i 1897 og heile mannskapet strauk med.