SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Fiskerihistoria i Flora:

Ny oppgangstid i sildefisket

Båt utanfor Florø kring 1920. (Foto © Fylkesarkivet)
Båt utanfor Florø kring 1920. (Foto © Fylkesarkivet)
Etter mange svartår, kom storsilda tilbake til Fjordane i 1886. Over 8.000 fiskarar deltok, og ialt vart det fiska 500.000 hl. til ein verdi av 2,4 millionar kroner. Men sildeeventyret vart berre eit blaff, før det kom eit nytt storår i 1897.

Publisert 08.02.2002 12:02. Oppdatert 01.02.2007 13:11.
Det som skapte velstanden i kyststroka frå 1890 og utover, var det eventyrlege torskefisket på kysten frå Kinn og nordover til Stad. Det var i desse åra at Kalvåg fekk si glanstid (sjå "Fiskeværet Kalvåg"), og det voks fram eit nytt fiskerisenter i ytre Nordfjord - sjå Måløy vert fiskerisenter. Kring 1. verdskrig flytta tyngda av dette fisket seg nordover frå Kinn og Bremanger til Vågsfjorden og Kvalheimsvika i Vågsøy. Florø hadde i åra frå 1890 og utover sterk vekst, med dobling i folketalet.

Dampskip og havfiske

Det var på denne tida at det for alvor skaut fart i motoriseringa av fiskeflåten og utvikling av bankfisket. I England og Nederland kom dei første fiskedampskipa kring 1860. Ein av pionerane i Norge var notbas Hermannsen frå Florø. På slutten av 1870-talet kjøpte han dampbåt og brukte den til sleping av notbruket sitt. Han gjorde også forsøk med ei slags snurpenot som han sette og drog direkte frå dampskipet. Dette var over 20 år før snurpenotfiske kom i vanleg bruk.

Men det var sunnmøringane som stod for det store gjennombrotet for dampskip og bankfiske i Sør-Norge, då fiskedampskip frå Ålesund i 1885 gjorde stor suksess under kveitefiske på Storegga.

I Sogn og Fjordane vart dei første fiskedamskipsselskapa skipa i Måløy i 1898. I Florø kjøpte Abraham Haave dampskip i 1894 og saman med skipsreiar Elias A. Olsen og fleire forretningsmenn i Florø fire nye fiskedampskip i åra frå 1899 til 1903. Mykje av denne veksten i havfisket kom av at Staten i 1900 skipa Havfiskefondet som investeringshjelp til dei som ville satse på moderne havfiske. Florø-folket var om seg og sikra seg i tida fram til 1910 heile 29 prosent av midlane i dette fondet!
Florø Havfiskeselskap disponerte i åra frå 1900 og utover i alt seks skip. Selskapet vart oppløyst etter kort tid, og skipa selde m.a. til Abraham Haave. Det mest kjende fiskedampskipet i denne flåten var "Høvding" som vart kjøpt av E. Ohna. "Høvding" var i drift også i dei store sildeåra på 1950-talet.

Ved utbrotet av 1. verdskrig var havfiskeflåten utestengd frå felta sine i Nordsjøen. Dei fleste fiskedampskipa vart selde, og i 1919 var det berre fem fiskedampskip att i Florø.

Abraham Haave

På same vis som Måløy hadde sin føregangsmann og fiskeripionèr i Ulf Lem, så hadde også næringsliv og fiskeri i Florø sin høvedsmann i Abraham Haave.
Abraham var fødd i Stavang og son av den kjende haugianaren Anders Haave. Abraham starta forretning i Florø i 1892. Mellom ei rad tillitsverv var han ordførar, og var ei drivande kraft bak byggjing av Fugleskjærskaia og skiping av Fjordenes Kreditbank i 1902.

Haave bygde opp ei blomstrande eksportforretning for sild og fisk, og hadde avdelingar både i Brønnøysund og på Island. I 1894 kjøpte han fiskedamp-skipet "Kinn", som han brukte til fiske både på norskekysten og ved Island i tillegg til fraktfart. Ein del verksemd dreiv Haave saman med skipsreiar Elias A. Olsen. Mellom anna stod desse sentralt då det i åra frå 1899 til 1903 vart kjøpt inn fire havgåande fiskedampskip til Florø.
Haave bygde den kjende Haavebua midt i sentrum, og hadde også store eigedomar med kol-lager i Hesteneset. Han var aksjonær i den første sildoljefabrikken som vart bygd i fylket i 1910, A/S Florø Olje-og Sildemelfabrikk. I 1930 bygde firmaet hans Florø Fryseri.

Uthamnene kjem i bakleksa

Kring 1905 kom det store gjennombrotet for den oljedrivne motoren i fiskeflåten. På få år fekk dei fleste fiskeskøytene montert motor. Men dei gamle segla vart lenge nytta som framdrift ved sida av motoren.

Med motordrift var ikkje fiskarane lenger avhengige av kort utror til felta og leveransar i fiskeværa på dei næraste øyane. No kunne dei raskt og lett gå inn til t.d. Florø og Måløy, der det var god hamn. Her låg dei nye fiskemottaka og oppkjøps-båtane, og her bunkra og provianterte dei og fann slippar og service for motorskøytene. Dermed kom dei gamle fiskeværa ute ved havet - Hovdevågen, Batalden, Rognaldsvåg og Båsundet i bakleksa.
Rognaldsvåg ca. 1900, lasting av sildetønner frå Karnilsbua. Foto frå boka Vestnorsk kystkultur - øysamfunnet Batalden. Biletet er utlånt av Frode Seim.

Neste side:
· Hermetikkfabrikkane
Førre side:
· Kriseår og naudhjelp
Hovudside:
· Fiskerihistoria i Flora


MEIR OM FLORA 
Flora kommune

 
Aviser og media i Flora
Historia i Flora
Industri og næring i Flora
Kjende personar i Flora
Kommunehistoria i Flora
Krigshistoria i Flora
Kyrkjer i Flora
Samferdsle i Flora
Skular i Flora
Verd å sjå i Flora

 
Lyd frå Flora
Video frå Flora
SE OGSÅ
Siste saker:

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no