I Florø vart det på eitt døgn lossa 340.000 hektoliter frå 227 snurparar, og stor-året 1956 tok Florø imot 27,5 % av totalfangsten.
Då det rike sildefisket starta etter krigen, vart mottakskapasiteten i Florø på få år mangedobla - ikkje minst ved bygging av sildeoljefabrikken til Sildefiskernes Fabrikklag (SILFAS) i Gunhildvågen i 1952. Også Florø Sildoljefabrikk ved kanalen vart sterkt utvida. Florø Sildepakke-gruppe sytte for to losjiskip som husa lossarar og budarbeidarar i sesongen, og næringslivet i byen opplevde gyldne tider når fiskarar i tusental fylte gatene etter dagens fiske. Skipshandlarar og slippar hadde hendene fulle, og butikkane var døgnopne. På nytt opplevde Florø og omlandet ei enorm innflytting, og folketalet vart dobla.
|
Enorme mengder sild var levert til sildoljefabrikk i Florø. Biletet frå 1947. |
Sildeeventyret slutt i 1959
Det første varselet om at sildeeventyret gjekk mot slutten fekk ein for alvor i 1958, og før det var gått to år var det mest svart hav. Sildoljefabrikkar og saltebuer greidde seg vidare med sild og makrell frå Island og Nordsjøen. Men i motsetnad til Måløy, satsa Florø-folket sjølve lite på utvikling av nye fiskeri og bygging av nye fiskebåtar. Grunnen til denne forskjellen mellom Måløy og Florø var mykje å finne i at Florø no hadde fått ei anna stor hjørnesteinbedrift som heldt liv i bysamfunnet:
Ankerløkken Verft. Hamar-mannen
Ole E. Aaserud starta eit mekanisk verksted i Florø 1949, og la om til bygging av fiskebåtar i 1952. På få år voks Ankerløkken-verftet i Florø til å verte den største arbeidsplassen på kysten med fleire hundre tilsette.
Måløyværingane bles liv i "sildebyen"
Det måtte eit par måløyværingar til for å vekkje den gamle "sildebyen" Florø til nytt liv som fiskeriby: På slutten av 1960-talet leigde
Jon Skaar jr. i
Skaar & Co.. Florø Kjølelager sitt anlegg på Fugleskjærskaia. Han sende øvde budafolk frå Måløy til Florø som arbeidsformenn og starta mottak av sild og makrell. Skaar kjøpte fryseriet i 1978, samstundes med at sonen
Harald Skaar vart leiar for det som no heitte
Skaarfish. I 1988 bygde
Skaarfish stort anlegg i Gunnhildvågen, og bygde seg opp til å verte den største lakseeksportøren i verda, med milliardomsetning i 1991. To år seinare gjekk Skaarfish over ende. Etter eit kort intermesso med Kjell Inge Røkke, tok nye måløyværingar over i Gunhildvågen; først Global Fish med brørne
Jan Otto Hoddevik og
Geir Robin Hoddevik, og etter fusjon kom
Pan Fish-gruppa med
Arne Nore frå Bryggja som eigarar. Avdelinga for laks vart teken over av
Gudmun Strømsnes.
Den andre måløyværingen ved sida av Skaar som gjenreiste Florø som fiskeriby, var
Knut Domstein. I 1988 kjøpte han hermetikkfabrikken til Norway Seafoods, som stengde i 1987. Anlegget vart bygd om til eit av landets største slakteri og mottaksanlegg for laks under namnet Florø fiskeindustri AS.
I 2005 kjøpte Ole Johan Eilertsen saman med andre tilsette lakseslakteriet og gav det namnet Slakteriet AS. Eilertsen eig 60 prosent av aksjane i selskapet.
I 2006 selde Pan Fish slakteriet i Instefjorden i Gulen kommune til Slakteriet AS. Instefjord-anlegget vart eige selskap med namnet Slakteriet Brekke AS.
· Sjå også:
Sildeeventyret i Vågsøy på 1950-talet