SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Gloppen:

Kraftsenteret Sandane

Sandane. (Foto: Atle Løkken, NRK)
Sandane. (Foto: Atle Løkken, NRK)
Sandane er "kraftsenteret" i Sogn og Fjordane fylke: Bygda er hovudsete for fylket sitt eige kraftselskap - Sogn og Fjordane Energi AS.

Publisert 11.02.2002 09:20. Oppdatert 21.12.2006 14:50.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Men heilt tilbake til Anders Hansen sitt første kraftverk i 1909 har Sandane hatt ein nøkkelrolle i kraftforsyninga:
Her budde overingeniøren for elektrisitetsforsyninga i fylket frå 1934.
Det var her det interkommunale Firdakraft fekk sitt hovudsete då det vart skipa av Nordfjord-kommunane i 1947.
Sandane vart administrasjonsstad for Vestlandske Kraftsamband som frå 1955 og utover bygde samkøyringsliner på Vestlandet, og bygda har frå 1967 vore hovudsete for SFE - det fylkeseigde Sogn og Fjordane Energi AS.

Fargerike fossekjøparar

På same vis som det hende i andre kommunar, vart dei viktigaste fallrettane i Gloppen-vassdraga kjøpte opp av reine fossspeskulantar kring 1900:
Fallrettane i Gjengedalen (med Gjengedalsfossen) i austre Hyen vart kjøpte i 1900 av fossespekulanten N.N. Sontum, som var ingeniør i Hamnevesenet i Bergen. Han hadde året før kjøpt fallrettane frå Storefjorden til Krokstadvatnet i vestre Hyen, og hadde dessutan kjøpt Osenvassdraget i noverande Flora kommune. Sontum selde seinare alle desse fallrettane til Sogn og Fjordane fylke (sjå Sogn og Fjordane Energi AS).

Generalkonsulen av Montenegro kjøpte Gloppenelva

I Gloppenelva (Storelva) kjøpte ein annan bergensar, den eksentriske juristen og generalkonsulen av Montenegro (!), Hugo Mowickel ein del fallrettar - sjå: Sandane. Han fekk også løyve til stor regulering av Breimsvatnet for å kunne starte storindustri på Sandane. Men planane til den fiske- og jaktglade "generalkonsulen" var svært luftige og vart ikkje noko av.
Evebøfossen fekk kraftverk i 1909. Foto frå Soga om Gloppen og Breim

Sandane fekk tidleg elektrisk kraft

Dei første lyspærene i Sandane sentrum vart tende i 1909. Då hadde fabrikkeigar Anders Hansen ved Evebøfoss Fabrikker bygd ein liten kraftstasjon ved Storelva. I tillegg til at fabrikken fekk elektrisk drift, vart det strekt liner til kring 40 abonnentar i Sandane sentrum. Etter Vadheim og Stongfjorden (sjå: Ålmenn kraftforsyning i Høyanger og: Kraftforsyninga i Askvoll), vart Sandane den tredje staden i fylket som såleis fekk elektrisk straum.

Fleire bygdekraftverk

Etter at Anders Hansen hadde bygd sitt beskjedne Sandane Elektrisitetsverk i 1909, kom det raskt fleire mindre bygdekraftverk: I 1914 kom det fire nye kraftverk i Breim: Breim el.verk bygde på Flølo. Og i Årdal, Myklebustdalen og på Egge bygde bøndene sine eigne småkraftverk. I alt har det vore 23 større og mindre kraftverk i Gloppen kommune gjennom tida.

Gloppen Elektrisitetsverk

I 1917 starta det kommunale Gloppen el.verk - skipa 1914 - utbygging i Eidsfossen i Storelva.

Firdakraft

Firdakraft vart skipa som interkommunalt selskap i 1947 og femna om Gloppen, Stryn, Hornindal, Eid og Stranda på Sunnmøre.

Vestlandske Kraftsamband

Vestlandske Kraftsamband heitte eit selskap som vart skipa i 1955 for å byggje ut overførings- og samkøyringsliner på Vestlandet.

Sogn og Fjordane Energi AS

I 1968 skipa Sogn og Fjordane fylke sitt eige kraftselskap: Sogn og Fjordane Kraftverk - seinare Sogn og Fjordane Energi. Selskapet har sidan hatt kontor på Sandane.

Hyen- og Naustdals-kraft til aluminium?

I Vestlandsplanen frå 1968 vart det m.a. gjort framlegg om at eit nytt, stort aluminiumsverk i Askvoll kommune skulle drivast med energi frå kraftverk i Gjengedal, Naustdal og Gaularvassdraget, utan at noko av dette vart sett ut i livet.
Vassdraga Naustdal og Gjengedal vart i 1993 mellombels halde unna utbygging for å få vurdert verneverdiane, trass i at SFE i mange år har hatt konkrete planar om utbygging. Reguleringsplanar for Gjengedalsvassdraget og Nausta har vekt sterk lokal og nasjonal motstand.
Ei tid såg det ut til at vernarane skulle vinne fram, men i 2003 gjekk NVE likevel inn for at vassdraga kunne byggjast ut.

MEIR OM GLOPPEN 
Gloppen kommune

 
Aviser og media i Gloppen
Historia i Gloppen
Industri og næring i Gloppen
Kjende personar i Gloppen
Kommunehistoria i Gloppen
Krigshistoria i Gloppen
Kyrkjer i Gloppen
Samferdsle i Gloppen
Skular i Gloppen
Verd å sjå i Gloppen

 
Lyd frå Gloppen
Video frå Gloppen
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no