Politimeistrar i Fjordane:
|
Bjørn Valvik. |
Bertel A. Andenæs 1898-1921
Ivar Lind 1921-1940
Kr. F. Grøn 1940-1946
Mikael Klavenes Stavnum 1946-1954
Oddvin Sindre 1954-1964
Gunnar Eide 1964-1970
Egil Breen 1970-1977
Julius Fure (konstituert) 1977-1978
Thorbjørn Sandkleven 1978-1986
Svein Opsahl 1986-1995
Bjørn Valvik 1995-2002
Frå og med 2002 heiter det Sogn og Fjordane politidistrikt:
Kjell Ese 2002-2006
Johan Brekke 2007-
|
Kjell Ese. |
I 2001 vedtok Stortinget ei stor omorganisering av polititenesta i distrikta. Etter hard tevling mellom alternativa Sogndal og Florø, vann Florø lokaliseringskampen om politikammeret for Sogn og Fjordane, sjølv om regjeringa hadde gått inn for Sogndal.
Begge dei to politimeistrane søkte, og politimeister i Sogn,
Kjell Ese, fekk stillinga som politimeister i Sogn og Fjordane.
Felles politidistrikt:
Sogn og Fjordane politidistrikt vart gjennomført frå årsskiftet 2001/2002.
Magistrat og byvektar
Frå byskipinga i 1860 vart ordensmakta i byen forvalta av ein magistrat. Dette var eit statleg embete innført i 1661 og avvikla i 1922. Magistraten fyllte alle funksjonane som seinare vart overtekne av kommunale rådmenn, lensmann og byfogd (dommarar).
Florø fekk eigen byvektar i 1875 som heldt vakt i gatene om natta og syrgde for ro og orden. I Sogn og Fjordane var det elles berre Vikøyri (sjå:
Bygdevektaren i Vik) som hadde slik vektar. Første politibetjenten fekk byen i 1899. Flora lensmannskontor vart slege saman med Fjordane politikammer i 1996.
Første gatelyset i fylket
Ei av oppgåvene som bystyret påla magistraten i 1874, var å få montert det første gatelyset i fylket: Ein lampe ved ”Florø bro”. ”Lykten holdes tendt hver Aften naar der intet Maaneskin er, fra det bliver mørkt og til Vækteren gaar fra sin Post for Natten”. I 1877 vart gatelyset i Florø by fordobla, då det kom opp ei lykt ”paa Anne Helmers Hus”, og året etter endå ei lykt på huset til advokat Livius Smitt. Året etter kom det endå to lykter til, og desse oljefyrte lyktene måtte bygata greie seg med dei neste 30 åra.
|
Sogn og Fjordane politidistrikt held til på politistasjonen i Florø i det som før var Fjordane politikammer. (Foto: Arild Nybø, NRK) |