SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Flora:

Lag og organisasjonar i Flora

Badeanlegget Havhesten opna i regi av kommunen i 2000. Der kan brukarane boltre seg i saltvatn. (Foto: NRK)
Badeanlegget Havhesten opna i regi av kommunen i 2000. Der kan brukarane boltre seg i saltvatn. (Foto: NRK)

Publisert 11.02.2002 15:39. Oppdatert 08.05.2007 09:28.

Idrettslag i Flora

Florø har nokre av dei eldste idrettslaga i landet.

Furesund kvinneforening

vart skipa 1860, og er eit av dei første registerte kvinnelag i Sogn og Fjordane. I 1861 vart Florø Kvinnelag i Det Norske Misjonsselskap skipa. Då Søndfjord Fællesforening av den indre Missoin vart skipa i 1886, var det også registrert ei Kinns Forening.

Indremisjonslag

vart skipa i Kinn (og Bremanger) i 1865, i Stavang 1870.

Florø Handelsforening

vart skipa 1867 som den første av dette slaget i Sogn og Fjordane.

Florø Træplantningsselskab

vart skipa kring 1870, og hadde som føremål å skogkle det snaue Floralandet kring byen.

Florø Fiskeriselskab

skipa 1880, var den første registrerte organiseringa av fiskarar i Sogn og Fjordane. Dette var ei lokalavdeling av opplysningsorganisasjonen "Selskabet for de norske fiskeriers fremme", skipa i 1879. I dei 10 åra Florø Fiskeriselskab eksisterte, sende dei m.a. fiskarar på kurs til Nederland for å lære drivgarnsfiske (sjå "Kriseår og naudhjelp").

Hovden og Barekstad kinamisjon

vart skipa i 1880, nedlagt i 1955.

Florø Værn

heitte fråhaldslaget i IOGT som vart skipa i Florø 1887. Dette var den første registerte I.O.G.T-losjen i Sunnfjord. – Sjå elles om Ungdoms- og idrettshuset Fram. I 1888 vart det skipa fråhaldslag i Eikefjord og Stavang, og på 1890-talet i dei fleste bygder elles i dåverande Kinn kommune.

Barlindbotn misjonslag

skipa 1890.

Ungdoms- og idrettshuset Fram

Ungdoms-og idrettshuset "Fram" vart bygd som lokale for IOGT-losjen "Værn" i Florø i 1893. Nynorsk-losjen "Landkjenning", skipa 1903, vart medeigar.

Florø Dramatiske Klubb

var ein avleggjar av Florø Turn og Idrettsforening i mellomkrigstida. Teater-klubben var leia av Ruth oog Nils Liset og arrangerte matinéar og teaterframsyningar.

Florø Arbeiderlag

vart skipa i 1897. Utanom lokallaga til tranittar-rørsla som vart skipa i Lærdal og Borgund i 1848 (sjå "Thrane-rørsla og Lærdal"), er Florø Arbeiderlag det første sosialistiske laget i Sogn og Fjordane. Dei første åra før Landsorganisasjonen vart skipa i 1903, tok laget seg også av reint fagpolitiske saker lokalt.

Florø Sykepleieforening

skipa 1898, og hadde som føremål å arbeide for å få bygd eit sjukehus i Florø.

Målrørsla i Flora

Florø var ein naturleg samlingsstad då Firda Mållag vart skipa i 1899 etter opptak av m.a. Haakon Aasvejen og Elias Melvær. Melvær, som hadde drive nynorsk kveldsskule medan han var lærar ved Amtsskulen i Gloppen, vart første formann 1899-1903.

Eikefjord Ungdomslag

vart skipa i 1900.

I.O.G.T-losje Landkjenning

vart skipa i Florø i 1903. Dette var ei såkalla nynorsk-losje som nytta nynorsk i møtebøker og skrifter. – Sjå elles om Ungdoms- og idrettshuset Fram.

I.O.G.T-losje Framtak

i Eikefjord vart skipa i 1903. Barnelosjen ”Eikefjords framtid” vart skipa i 1929.

Redningsforeninga

i Florø vart skipa i 1905.

Florø Sanitetsforening

vart skipa i 1905 med prestefrua Margrethe Evensen som første leiar. Sanitetforeninga arbeidde dei første tiåra for byggjing av nytt sjukehus og folkebad i byen, for innføring av folketannrøkt, og for spebarnskontroll som vart skipa i 1939. Denne heldt frå 1959 til i Helsehuset som Florø Santitetsforening fekk reist.

Frelsesarmeen

etablerte seg i Florø i 1912. Organisasjonen fekk eige hus i Florø i 1915. I 1947 starta Frelsesarméen Florø Livredningstropp som ei eiga avdeling.
Ved sida av Florø har Frelsesarmeen avdeling i Måløy og har også vore aktiv i Vik og Sogndal.

Eikefjord Sanitetslag

vart skipa i 1913.

I.O.G.T.-losje Seglmerket

i Batalden vart skipa i 1914.

Speidarane

fekk sitt første lag i Flora kommune då Florø tropp av Norsk Speidergutt-Forbund vart skipa i 1915. I 1924 deltok gutespeidarane frå Florø for første gong på landsleir på Hamar.

I.O.G.T.-losje Fyret

på Skorpa vart skipa i 1916.

Standal og Svortevik Ungdomslag

vart skipa i 1921. Laget endra namn til Nybrot Ungdomslag i 1925.

Nybrot Ungdomslag

– sjå Standal og Svortevik Ungdomslag.

I.O.G.T.-losje Stavangs Von

vart skipa i 1921. Truleg vart Losje Kinn og Losje Veten på Tansøy skipa omlag på same tid, men skipingsåra er ukjende for begge.

Florø Hjemmenes Vel

vart skipa i 1921 av Karen Platou og fekk frå starten 40 medlemmer.

Florø Røde Kors

Det er uvisst kva årstal lokallaga for Røde Kors i Kinn, Florø, Bru og Eikefjord vart skipa, men det er rimeleg å rekne med at dei her som elles i fylket, kom i gang tidleg på 1920-talet.

Florø Husmorlag

- sjå Florø Hjemmenes Vel.

KFUK-speidarane

skipa jentelag i Florø i 1925. I etterkrigstida talde KFUK i Florø kring 90 medlemmer medrekna meisetropp og storspeidartropp.

Florø Bys Vel

vart skipa i 1934 etter opptak frå apotekar Lars Trovik.

Florø Håndverkerforening

vart skipa i 1934 med 13 medlemmer.

AUF-lag i Florø

Arbeidernes Ungdomsfylking – AUF – skipa lokallag for arbeidarungdom i Florø kring 1935. AUF-arar kledde seg i desse åra opp i eigne uniformer med raude skjerf og med ein hammar sydd på brystet.

Bondeungdomslaget i Florø

vart skipa i 1936.

Florø Arbeidsmandsforening

vart skipa i 1937.

Florø Hermetikkarbeiderforening

vart skipa i 1937.

Florø Jern- og Metallarbeiderforening

vart skipa i 1937.

Florø Songlag

vart skipa i 1939.

Florø Blåspeidertropp

vart starta i 1945 med 20 medlemmer. På det meste hadde denne speidargruppa kring 65 jenter som medlemmer i hovudtropp og meisetropp for småjentene.

Florø kommunale forening

vart skipa i 1945.

Norddalsfjord Sanitetslag

vart skipa i 1945.

Brandsøy Bonde og Småbrukarlag

vart skipa i 1946.

Eikefjord Bonde og Småbrukarlag

vart skipa i 1946, men vart lagd ned i 1952.

Kinn Bonde og Småbrukarlag

vart skipa ca. 1946.

Florø Boligbyggelag

vart skipa 1946.

Florø Sjakklubb

skipa 1947 av Jørgen Foss-Iversen. Klubben gjorde det godt på nasjonalt plan 1970-talet då den nådde NM-finalen tre gonger. I 1972 tok klubben bronse, berre eitt poeng bak vinnaren. Sjakklubben har arrangert fleire nasjonale turneringar, der turneringa i 1985 vart vunnen av Øystein Hjertenes, Florø. Han vann Norges Grand Prix i 1979-1980, og deltok i sjakk-OL i 1976.

Florø Livredningstropp

vart skipa i 1947 – sjå Frelsesarméen 1912.

Standal Sanitetsforening

vart skipa i 1957.

Sjølvbyggjarlaget

vart skipa i 1957, og med ein innsats på eit par tusen timar pr. mann bygde laget dei neste åra 16 husvære i Hesteneset. Husa er i dag administerte av Florø Boligbyggelag.

Svardal Sanitetslag

vart skipa i 1958.

Florø Godtemplarungdomslag

vart skipa i 1965.

Eikefjord skulemusikk

vart skipa i 1966.

Flora Pensjonistlag

vart skipa i 1972.

Doc'en ungdomsklubb

vart driven frå 1974 i den gamle doktorbustaden ved Evja (sjå Gustav Stavøstrand). Klubben fekk namnet etter "Docen" - dokteren som budde i huset tidlegare. Huset vart rive i 1996 etter sterke protestar frå ungdomen.

Eikefjord Pensjonistlag

vart skipa i 1975.

Vestklang

er eit kor i Florø som vart skipa i 1975.

Steinhovden Songlag

vart skipa i 1976.

Eikefjord Songlag

vart skipa i 1977.

Florø Båtforening

vart skipa 1978 ved samanslåing av to mindre foreningar.

Flora Bonde og Småbrukarlag

vart skipa i 1984 ved samanslåing av fleire lag i kommunen.

Askrova pensjonistlag

vart skipa i 1985.

Steinhovden pensjonistlag

vart skipa i 1986.

Storebru-Langedal Sanitetsforening

vart skipa i 1986.

Bru kantori

er eit songkor som vart skipa i 1989.

Brandsøykoret

vart skipa i 1994. I Brandsøy hadde det tidlegare vore eit Brandsøy Sognlag som var i drift fram til 1955.

Songkoret Jomentum

vart skipa av Flora Arbeidarlag i 1990.

Flora Historielag

vart skipa i 2001 etter opptak av kultursjef Edvin Helgheim. Laget fekk raskt over 100 medlemmer.

Flora Samfunnshus

- med bibliotek, kino og brannstasjon.

Florø Idrettssenter

Storhallen Florø Idrettssenter vart opna 16. mai 2006.

Folke-parlamentet i Kaféen Kakebua

I kaféen samlast dagleg Florø-patriotar kring stamborda.

Krisesenteret i Florø.

Krisesenteret i Sogn og Fjordane

vart skipa i Florø i 1985. Senteret dekkjer heile fylket, og har døgnvakt.

Kystmuseet for Sogn og Fjordane

I tillegg til store samlingar i hovudanlegget i Florø, har Kystmuseet ansvaret for m.a. bygningar og samlingar i Kalvåg.

Sildebordet

Nubbesild står på menyen på sildebordet.
Frå slutten av 1980-talet har handelsstanden i Florø arrangert "sildebord" i Strandgata kvar sommar i tilknyting til Kinna-spelet. Langs eit bord som florøværingane har kalla "verdas lengste sildebord" har folk forsynt seg med "nubbesild" - dvs. tørrsild.

NHO Sogn og Fjordane

Næringslivets Hovedorganisasjon skipa fylkeskontor med base i Florø i 1989. Første direktør var Eivind Hjellum, som vart avløyst av Per Ytrehus i 1993-2002. Frå april 2002 er Karin Helen Halle direktør.

Ungdomshuset "Haffen"

Kommunal fritidsklubb i Florø sentrum.

Florø Golfklubb

vart skipa i 2007. Fram til då hadde florøværingane vore medlemmer i Sunnfjord Golfklubb. Klubben har fire-hols treningsbane i Brandsøy.


MEIR OM FLORA 
Flora kommune

 
Aviser og media i Flora
Historia i Flora
Industri og næring i Flora
Kjende personar i Flora
Kommunehistoria i Flora
Krigshistoria i Flora
Kyrkjer i Flora
Samferdsle i Flora
Skular i Flora
Verd å sjå i Flora

 
Lyd frå Flora
Video frå Flora
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no