Men alt i 1862 vart
Florø Skytterlag skipa. Dette laget dreiv frå tid til anna også med idrettsøvingar - sjå elles: "
Idrettslag og -anlegg i Eid") skipa 1863.
Det var lærar Jon Sørensen ( sjå denne) frå Sandnes som skipa laget. Turn stod sentralt dei første åra, men også roing og turar i skog og mark var vanlege aktivitetar.
Turngruppene heldt til i ungdomshuset "Fram". Huset vart bygd i 1895 av losjane i byen, og overteke av turngruppa i 1913. Dameturn kom i gang i 1915.
Turn stod sentralt dei første åra, men også roing og turar i
skog og mark var vanlege aktivitetar. Turngruppene heldt til i
Ungdoms- og idrettshuset Fram. Det første friidrettstemnet i 1894 hadde øvingane hopp, balansegang, klatring og manualløfting på programmet.
I 1907 vart Florø Stadion opparbeid, og lagshytta vart bygd i Grytadalen 1931.
Idrettshallen i Florø vart bygd i 1976 og avløyste "Fram" som treningslokale. Florø fekk storhall i 2005:
Florø Idrettssenter.
FT&IF har sidan 1982 stått som tilskipar av maratonløpet "Rett Vest", og har frå 1994 arrangert det store internasjonale friidrettsstemnet Florø Friidrettsfestival.
|
Magne Føleide. |
Fleire idrettsfolk frå Florø Turn & IF har nådd nasjonalt toppnivå - mellom desse friidrettsutøvarane Magne Føleide (sjå
Kjende personar i Vågsøy fødde år 1880-1940), dottera Eli Føleide (sjå
Kjende personar i Flora), Jostein Aukland og Eivind Stavang, (sjå desse under
Kjende personar i Flora fødde år 1940-1960)