SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Flora - godset på Svanøy:

Tysk eventyrar og Bergens-kremmarar tek over

Driftsbygningen på Svanøy hovudgard. (Foto: Thomas Hellum, NRK)
Driftsbygningen på Svanøy hovudgard. (Foto: Thomas Hellum, NRK)
I 1718 selde Svane-slekta alt dei rådde over i Sunnfjord: Svanøy Hovudgard og underliggjande gardar, tienden i Sunnfjord og birkeretten fylgde med. Kjøpar var justisråd og stiftsbefalingsmann over Kristiansand stift, Johan Sigismund de Lillienpalm.

Publisert 12.02.2002 13:57. Oppdatert 19.02.2002 14:29.
Eigentleg heitte han Johan Nassius og var ein tysk bergmann og eventyrar som m.a. slo seg opp ved å gifte seg til rikdom. Han betalte ein stor del av kostnaden kongen hadde med ein krig mot Sverige, og vart m.a. løna med ein adelstittel i 1718: de Lillienpalm. Men de Lillienpalm eigde Svanøy berre nokre månader, for i august 1718 selde han godset med 1000 riksdalars forteneste til Bergens-kjøpmannen Robert Davidsen Faye, som igjen selde godset i 1719 til stiftsamtsskrivar i Bergen, den forfengelege Severin (Seehusen) de Svanenhielm.

Svanøy-godset vert partert

Seehusen var minst like glad i adelstitlar som tyskaren Nassius. Han høyrde til ein av de rikaste borgarfamiliane i Bergen. I 1711 vart Seehusen utnemnd til stiftsamtsskrivar i Bergen, og fekk etterkvart også hand om dei same embeta i Stavanger og Nordlandene (Nord-Norge). Han åtte stasgarden Damsgaard ved Bergen (Laksevåg), og i 1719 kjøpte han Svanøy-godset for å verte adla. Addelstittelen fekk Severin Seehusen i 1720, og kunne smykke seg med det fjonge namnet "de Svanenhielm".
Men han viste mindre omsorg for kassahaldet i embeta sine. I 1724 sat han i botnlaus gjeld, over 100.000 riksdalar, og måtte m.a. selje det meste av Svanøy-godset på auksjon i 1726. Dermed fekk mange av leiglendingane høve til å kjøpe gardane sine, og vart sjølveigande bønder. Retten til å krevje tiende i Sunnfjord gjekk tilbake til kongen, som i 1741 selde denne retten ut att til oberstløytnant Jan van der Welde i Bergen. Slekta hans kunne nyte godt av denne spesielle "skatteinnkrevinga" i Sunnfjord heilt fram til 1902, då den vart innløyst av staten, og arvingane fekk utbetalt 63.000 kroner.

Svigersonen som berga stumpane

Men den bankerotte de Svanenhjelm var ikkje heilt ute av Sunnfjord: Under auksjonen i 1726 fekk svigersonen Wilhelm Hansen kjøpe Svanøy Hovudgard og fleire andre gardar på Svanøy, og i 1732 skøytte Hansen godset over til svigersonen, Morten de Svanenhielm. Han var gift med Cecilia Kristine frå den mektige og rike adels-familien de Lillenskiold.

Neste side:
· Ny stordomstid under futane Nagel
Førre side:
· Futesete og adelsgods
Hovedside:
· Svanøy-godset


MEIR OM FLORA 
Flora kommune

 
Aviser og media i Flora
Historia i Flora
Industri og næring i Flora
Kjende personar i Flora
Kommunehistoria i Flora
Krigshistoria i Flora
Kyrkjer i Flora
Samferdsle i Flora
Skular i Flora
Verd å sjå i Flora

 
Lyd frå Flora
Video frå Flora
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no