|
Møblement i hovedbygningen. (Foto: Thomas Hellum, NRK) |
Nagel var utnemnd til fut i 1731 og budde på futegarden på Fure (sjå "
Historia i Fjaler"). Då han kjøpte Svanøy flytta han dit, og la grunnen for ei ny stordomstid på øya. Nagel bygde ei mengd nye hus på gardstunet, og han hadde både båthus, sjøhus og jekter. Hovudbygningen vart mykje utvida og fekk staseleg innreiing. På garden heldt han 12 tenarar.
Nagel eigde ei mengd kyrkjer i distriktet og kjøpte og slo under seg over 100 gardar i Sunnfjord og Nordfjord. Mange av desse gjekk som medgifte etterkvart som han gifte bort døtrene sine. For Hans Thiis Nagels døtre var ettertrakta koner for rikfolk: Margrethe gifta seg med kaptein Fredrik von Storm på storgarden
Osen gard i Gaular, Anne Laurentse med den rike kjøpmannen
Peder Pederson Tonning i Stryn, og Ingeborg Catrine med sorenskrivar
Hans Arentz i Dale, mannen som skreiv "Søndfjords Beskrivelse" i 1785. Sjølv var Thiis Nagel gift med Kristine Margrethe Worm, som var dottera til
Jens Worm - sjef ved Årdal kopargruver.
Svanøy-futane døyr ut
For å sikre arvefylgja i futeembetet, syrgde Hans Thiis Nagel tidleg for å få "påsett" sonen
Jens Worm Nagel som "adjungered Foged". Faren bygde også eit herskapeleg hus for sonen, det som seinare vart flytta til Bruland i Førde og vart
Futegarden Bruland. Jens gifta seg i 1777 med Christiane Margrethe Heiberg. Dei vart barnlause, og då Jens døydde i 1788, gifta enkja seg oppatt med kjøpmann Hermann Dietrich Janson og flytta med han til Bergen.
Dei to selde Svanøy Hovudgard til haugianaren Ole Torgeirsson Helling i 1804. Men dermed var ikkje Nagel-slekta si tid på Svanøy omme, for kring 1830 gifta eit oldebarn av Hans Thiis Nagel, Lovisa Rennord frå
Osen gard seg med Ole Torgeirsson sin son Christopher Svanøe.
Men futetida var over ned
Jens Worm Nagel: I 1789 flytta den nye futen Nikolai Lambrecht til Bruland i Førde, og reiv og flytta "futegardshuset" frå Svanøy til Bruland. På
Futegarden Bruland budde futane til embetet vart nedlagd i 1898.