Tidleg i desember 1941 gjekk ein større flåtestyrke med landgangstropper frå Shetland med kurs mot Florø. Planen var å gjere eit raid mot Floralandet. Operasjonen hadde kodenamnet ”KITBAG”.
Men då flåtestyrken kom inn under norskekysten, var ikkje navigatøren sikker på om dei hadde nådd land ved Batalden, slik dei hadde planlagt. Flåtekommandøren avlyste difor aksjonen, og skipa vende heim. Ein soldat frå Kompani Linge som var med i invasjonesstyrken, kjende att landskapet fordi han sjølv var frå Florø-kanten, men han vart aldri rådspurd.
Den 3. juledag same året slo ei liknande landgangsgruppe til mot Måløy i det kjende
Måløyraidet. Då vart ein alliert ubåt send i førevegen og plassert ved innløpet til Vågsfjorden for å lose den øvrige invasjonsstyrken på rett kurs.
Seks soldatar drepne i ulukke
Under overfarten frå Storbritannia til Florø vart operasjon KITBAG råka av ei stygg ulukke: Under armeringa av nokre handgranatar (klargjering med tennsats) ombord på eitt av skipa, hadde ein granat gått av og seks soldatar vart drepne, to av dei frå Kompani Linge (Braaten og Dreng). I tillegg vart 11 soldatar skadde.
Krigsfotograf hadde skulda
Ulukka skal ha skjedd då ein krigsfotograf ville arrangere eit bilete av granatane. Han la difor armerte og uarmerte granatar saman i ein haug. Etter at biletet var teke, heldt soldatane fram med å armere granatar utan å ense det fotografen hadde gjort. Under arbeidet vart difor sikringspinnen på ein av granatane fjerna, slik at den eksploderte.