ANDRE VERDSKRIG:
Om den tyske invasjonen og vaktstasjonane dei bygde.
Utvær og Hjønnevåg i Solund vart frå 1941 nokre av dei mest sentrale samlingspunkta for rømlingar som ville over til Shetland.
Alt det første krigssommaren 1940 vart Anton Hjønnevåg og sonen Martinus dregne inn i fårlege oppdrag for motstandsrørsla då dei tok imot og skyssa norske agentar og utstyr.
Shetlandsgjengen sette i land fleire store våpenlaster i Solund under krigen. Den første kom til øya Begla våren 1942, der våpen og anna utstyr vart gøymt i ei stor ur. I Ospa var det våpenlager og radiostasjon.
Hendinga kring MTB-345 i Solund i 1943 med avretting av seks norske og ein engelsk marinesoldat i full uniform, er mellom dei grovaste brotsverka som nazistane gjorde seg skuld i Noreg under krigen.
Kommunistcellene på Vestlandet var stadig utsette for rassia og arrestasjonar, og under ein slik kom dei over eit brev frå Furubotn der det sto at Schrøder Evensen kjende til våpenlager i Solund.
Spesialutdanna soldatar frå Kompani Linge kom frå Shetland, og tonnevis med våpen vart vinteren 1945 frakta frå Shetland og teke iland i Solund.
I 1945 vart Utvær fyr eitt av dei mange norske fyra som vart sterkt skada i allierte flyåtak.
Adolf Hitler (1889-1945) vitja aldri Noreg offisielt, men den 12. april 1934 vitja han Sogn ombord i det tyske krigsskipet "Deutschland".