SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Kjende personar i Flora fødde år 1800-1900

Omtalene er ordna kronologisk etter fødselsår:

Publisert 14.02.2002 08:31. Oppdatert 17.04.2007 08:58.
Førre side: Kjende personar i Flora fødde år 800-1800

Maren Cathrine Welhaven Sars

(1802-1889) fødd i Bergen, busett i Florø 1831-1839 medan ektemannen Michael Sars var prest der.

Michael Sars

(1805-1869) fødd i Bergen, busett som sokneprest i Kinn og Florø 1831-1839. Gjorde banebrytande arbeid som zoolog og havforskar. Han søkte berre prestekall ved kysten slik at han kunne dyrke hovudinteressa si som forskar.

Anders Haave

(1809–1867) frå Naustdal. Bonde, lekpredikant og ein av dei fremste haugianarane i landet.

Christopher Olsson Svanøe

(1810-1887) frå Svanøy. Bonde og politikar.

Maren Fitje f. Underli

(1812–1845) frå Vevring, busett i Førde og Flora. Haugianar, som saman med søstera Stina stod sentralt i ei religiøs vekking i bygdene langs Førdefjorden i 1833.

Hans Jensson Blom

(1812-1875) frå Skien. Prest og politikar.

Jens Bloch Helmers

(1825-1898) frå Florø. Tok i 1849 over Flora gard, den største garden på Floralandet som hadde vore i Helmers-slekta si eige frå slutten av 1700-talet.

Johan Schumann

(1832-1911) fødd i Bergen. Studerte landbruksfag i Danmark og Skottland, og tok i 1859 med seg 10 skotske svartfjeslam tilbake til Noreg.

Ernst Sars

Johan Ernst Welhaven Sars - til dagleg kalla Ernst Sars (1835-1917) fødd i Florø, busett i Oslo. Historikar og politikar.

Georg Ossian Sars

(1837-1927) fødd i Florø, busett i Oslo. Havforskar og professor i zoologi frå 1874.

Livius Smitt

(1840-1890) frå Vinje. Overrettssakførar i Florø frå 1867 til 1881, då han vart byfut i Brevik. Ordførar i Florø 1874-1881.

Lars Jansen Batalden

(1841–1929) frå Batalden, busett i Olden og Eidsvoll. Også kalla Batalde-Lars. Fjellklatrarpionér og turistbåtførar i Nordfjord.

Gunnar Olsen

(1843-1909) frå Moland. Sokneprest i Kinn frå 1881. Hadde vore sjømann og sjømannsprest før han kom til Kinn, og gav 1912 ut "Storm og stille, Digte fra havet". Vart seinare prost på Sørlandet.

Karen Helene Müller

(1845-1931), frå Skjærstad. Vart i 1892 utnemnd som postmeister i Florø, og vart dermed den andre kvinnelege postmeisteren i landet.

Bertel A. Andenæs

f. 1848, frå Andenes i Gloppen. Var den første bondegut frå Fjordane som tok juridikum, og han vart den første politimeister i Fjordane, med kontor i Florø.

Elias Melvær

(1848-1924) - amtskulelærar, målreisingsmann og politikar.

Lars Nyttingnes

f. 1849 på Nyttingnes i Eikefjorden, d. etter 1921. Utvandra til Amerika, der han skifta namn til Louis Foss. Grunnla byen Fosston i Minnesota 1883. Vart vald til senator.

Elias M. Hole

(1853–1938). Fødd i Sykkylven, busett i Florø. Lærar, redaktør, bankdirektør og politikar.

Kristoffer Dahle-Hovland

(1855-1948) frå Eikefjord. Bonde på Hovland, og høvedsmann på fiskebåtar i m.a. Lofoten og Finnmark. Sjå: "Tønnefabrikantane Hovland".

Elias Nikolai Reksten

(1857-1933) frå Reksta. Lærar og Høgrepolitikar. Lærar m.a. i Bremanger før han flytta til Oslo, der han hadde stilling som fattigforstandar. Styremedlem i Norsk Luthers Indremisjonsselskap. Vararepresentant på Stortinget for Oslo 1913-1915.

Jens Severin Bloch Helmers

- son av Jens Bloch Helmers på Flora gard, bygde frå 1885 og utover ei stor forretning i området der handelshuset AMFI-senteret (tidl. Snorre Senter) ligg i dag.

Elias A. Olsen

(1861-1926) frå Florø. Politikar, skipsreiar og fiskebåtreiar.

Hans Edvard Andersen

(1862-1956), busett på Krokane. Kom til Reksta i 1905 som lærar, utdanna seg seinare til naturlege.

Abraham Haave

(1862-1948) frå Stavang. Kjøpmann og politikar i Florø.

Jon Sørensen

(1866-1936) frå Sandnes, busett i Florø. Lærar og idrettsorganisator.

Ivar Lykke Falch Lind

(1870- 1952) fødd i Førde, busett i Florø og Bergen. Jurist og politikar for Høgre.

Lorentz Nybø

(1870–1912), fødd i Florø, busett seinare på Nordfjordeid. Radikal bladmann og målreisingsmann.

Martha Tynæs

(1872-1930). Fødd i Florø, busett i Oslo. Kvinnesakskvinne og politikar.

Magnus Nilsson Seim

(1872-1966). Bonde, organisasjonsmann og Venstre-politikar.

Petrine Kinn

(1872-1965) frå Kinn. Fiskarkvinne og postbod.

Peder A. Terdal

(1873–1930) frå Terdal (Tirdal) aust for Florø, busett i Bremanger. Fiskeeksportør og handelsmann.

Anders A. Lothe

(1875-1961), frå Lote. Busett i Florø. Lærar, redaktør og målmann. Medskipar av Firda Mållag 1899, formann i mange år, og tok initiativet til å å skipe Firda Gymnas på Sandane.

Kristoffer Hovden

(1874-1960) frå Hovden. Fiskar, rutebåteigar og forretningsmann.

Gustav Stavøstrand

(1877-1919) frå Florø. Forretningsmann som ca. 1904 kjøpte dei store forretningseigedomane etter Jens Severin Bloch Helmers i Hesteneset.

Gerhard Johan Storhaug

(1879–1942) frå Kinn. Båtsmann og krigsseglar. Var båtsmann på M/S ”Herstein” som vart bomba av japanske fly i Rabaul, New Britain, den 20. januar 1942. Mannskapet vart teke til fange og send med S/S ”Montevideo Mara” til Japan, men skipet vart senka undervegs den 1. juli 1942, og alle ombord kom bort.

Albert Joleik

(1880–1968) frå Florø, budde i Bergen og på Kleppstølen i Naustedalen, der han hadde gard. Bladmann, målmann og lokalhistorikar.

Ragnar Melvær

Ragnar Melvær

(1880-1913) fødd i Gloppen, son til Elias Melvær. Busett på Krokane, der faren kjøpte gard. Medskipar av Firda Mållag 1899 og nynorsklosje "Landkjenning" i Florø 1902, og fekk bygd Firda og Sygna Herbyrge. Sunnfjord Ungdomslag reiste minnestein på grava hans i 1920.


Harald Seim

(1882-1975) fødd i Alværsund, busett på Kinn. Kunstmålar.

Ola Hovland

(1883-1967) frå Eikefjord, busett i Dale og Eikefjord. Fabrikkeigar.

P. Aug. Hysing

(1885-1967) utdanna som ingeniør i Berlin 1910, og arbeidde først som konsulent hos fossespekulanten Ragnvald Blakstad ved Auraanlegga på Nordmøre.

Einar Seim

(1885-1978). Fødd i Alværsund, busett på Kinn. Bonde, målreisingsmann og politikar.

Jens Buarøy

(1888-1944) frå Batalden. Fiskar og bonde. Døydde i tysk fangenskap.

Nils Engja

(1889-1978) frå Ryfylke. Lærar, og styrar av Fiskarfagskulen i Florø i Florø frå 1924 til 1947.

Audun Munthe-Kaas Hjermann

(1892-1975) frå Florø. Forfattar og redaktør i "Smaalenenes Avis" 1919-1931, seinare "Sarpen", "Larvik Morgenavis" 1947-1950 og "Tønsberg Blad" 1950-1954. Som forfattar av ei mengd barne- og ungdomsbøker nytta han ofte pseudonymet Peder Flint. Gav ut ialt 48 barnebøker, romanar og biografiar.

Annanias Batalden

(1893-1973) frå Batalden. Ein av dei fremste føregangsmennene på Vestlandet for å betre handikappa sine kår.

Thor Solberg

(1893-1967) frå garden Solberg på Årebrot. Tok flysertifikat i 1919 og vart ein av landets store flypionerar.

Karl Amandus

(1894-1958), busett i Florø. Idrettsleiar. Leiar i Florø Turn & Idretsforening i fem år, og leia arbeidet m.a. med bygging av ny idrettsbene. Tok initiativet til skiping av Sogn og Fjordane Gymnastikk og Turnkrets i 1920, og var sjølv leiar til 1935. Tildelt Norges Turnforbunds fortenestemedalje 1935.

Sverre Antonsen

(1894–1943) frå Fræna, busett i Florø. Kvalfangar og krigsseglar. Var på veg til fangstfeltet i 1940 som mannskap på S/S ”Koronda” då skipet vart torpedert, men berga seg inn til Liverpool. Var deretter matros på det svenske skipet ”Embla” til 1942, då han gjekk skyttarkurs i Dumbarton. Mønstra som kanonèr på S/S ”Borgholm” og omkom ved drukning i Cardiff 9. januar 1943.

Anders Ananias Andersson Hammerseth

(1897-1988) frå Askrova. Bonde og Høgre-politikar. Var ordførar i Kinn i fleire periodar og stortingsrepresentant 1937-1945. Arrestert av tyskarane 1943 og sat i tyske KZ-leirar til krigsslutt 1945. Vart då gjeninnsett i alle sine offentlege stillingar i heimlandet, og var m.a. formann i fylkesrådet for Heimevernet, og hadde tillitsverv i skyttar- og fiskeriorganisasjonar. Tildelt Kongens fortenestemedalje i gull i 1957.

Hans Joakim Hatlø

(1897–1945) fødd i Ulstein, busett i Florø. Maskinist og krigsseglar. Omkom då D/S ”Galatea” krigsforliste ved den engelske kysten 21. januar 1945. Tildelt Krigskrossen.


Harald Standahl

(1897–1940) frå Kinn. Kokk. Arbeidde som kokk på hurtigruteskipet D/S ”Prinsesse Ragnhild” frå Det Nordenfjeldske Dampskipsselskap gjekk på ei mine og sokk ved Landegode like nord for Bodø den 23. oktober 1940. 79 nordmenn og truleg 230 tyskarar omkom i krigsforliset.

Torleif Gartner Helmers

(1898–1942) frå Florø. Kunstmålar og krigsseglar. Var utdanna ved School of fine Art i New York og San Francisco. Hadde m.a. kunstutstillingar i Bergen. Vart styrmann i den allierte handelsflåten under 2. verdskrig og omkom då M/S ”Ramapo” krigsforliste den 14. februar 1942.

Einar Stavang

(1898-1992) fødd i Stavang. Jurist og Arbeiderparti-politikar.

Laura Sundal Skorpen

(1898–1990) frå Norddalsfjorden, busett i Florø. Jordmor, Venstre-politikar og organisasjonskvinne.

Mads Henrik A. Standal

(1898-1982) frå Standal, busett i Florø. Forretningsmann. – Sjå "Forretningsmannen Mads Henrik A. Standal."


Neste side:
· Kjende personar i Flora fødde år 1900-1940
Førre side:
· Kjende personar i Flora fødde år 800-1800
Hovedside:
· Kjende personar i Flora


MEIR OM FLORA 
Flora kommune

 
Aviser og media i Flora
Historia i Flora
Industri og næring i Flora
Kjende personar i Flora
Kommunehistoria i Flora
Krigshistoria i Flora
Kyrkjer i Flora
Samferdsle i Flora
Skular i Flora
Verd å sjå i Flora

 
Lyd frå Flora
Video frå Flora
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no