Hyllestad kyrkje
|
Døypefonten er i stein. |
bygd 1880. Arkitekt H. Nissen, byggmeister John Alvær. Altertavle av Maren Sverdrup frå 1902. Altarlysestakar frå mellomalderen, døypefont frå 1200-talet i kleberstein. Dåpsfat frå før 1700. Katekismetavle (med bibeltekstar) frå 1600-talet. Anna inventar frå byggjeåret eller seinare.
|
Altartavla i Hyllestad kyrkje. |
Den første kyrkja i Hyllestad låg truleg i utmarka på Breibøen, og er nemnd i 1322. Tufta til ei seinare kyrkje frå 1600-talet til 1880 kan ein framleis sjå omlag ein kilometer frå noverande kyrkje. På kyrkjegarden der finn ein fire steinkrossar frå tidleg mellomalder.
Øn kyrkje
bygd 1958. Arkitekt Ole Halvorsen, byggmeister Ivar Fleten. Altarkrusifiks og anna inventar frå byggeåret eller seinare.
I 1940 brann ei kyrkje frå 1870 ned til grunnen etter lynnedslag. Kyrkjesølv og anna utstyr frå ei kyrkje frå 1600-talet strauk med. Eit altarskåp frå ca. 1515 er teke vare på i Bergen Museum.
Den eldste kyrkja på Øn er nemnd i 1327.
Bø kyrkje
bygd 1868. Arkitekt J.W. Nordan, byggmeister John Alver. Altartavle av pastor Joh. Christensen (kopi av Tidemands "Kristi opstandelse"). To tre-arma altarlysestakar og ein stor lysestake i bronse, alle frå ca. 1600. Gamal kyrkjedør frå 1594 og gamal kyrkjeklokke er teken vare på. Relikviekors frå kring 1500 og gamalt dåpsfat frå tidlegare kyrkjer er teke vare på i Bergen Museum.
Bø har hatt kyrkje frå tidleg mellomalder, nemnd i 1340.