Første møta på Vereide
Den første ordføraren i Gloppen var bonde
Christoffer Nielsen Scherdahlen. Dei første kommunestyremøta vart haldne i ei stove på Vereide. Den første store saka kommunestyret fekk, var kjøp av kyrkjene på Vereide og Gimmestad frå stiftamtmann Hagerup i Bergen. Kyrkjene kom i kyrkjelyden sitt eige i 1841.
Breim skilt ut
Etter krav frå bygdefolket, vart Breim i 1886 skild ut som eigen kommune.
Jakob J. Myklebust som hadde vore ordførar i Gloppen i sju år, vart den første ordføraren i nyskipa Breim kommune. Han hadde vervet i 27 år. I den reduserte Gloppen kommune vart Ole J. Hestenes ordførar.
Lokale spenningar
I den vesle Breim kommune utvikla det seg spenningar mellom Reed og Byrkjelo, særleg etter at vegen gjennom Våtedalen i 1889 gjorde Byrkjelo meir sentralt, og Rebakken ved den gamle Trondhjemske Postvei kom litt i bakleksa. Desse spenningane mellom øvre og nedre Breim kom m.a. fram i lokaliseringsspørsmål om meieri og slakteri (sjå "
Meieristrid og bygdespenningar").
Utskiljing frå Davik
I 1913 vart den einbølte garden Mettenes mellom Hyefjorden og Ålfoten skilt ut frå tidlegare Davik kommune og lagt til Gloppen kommune.
Ny samanslåing
Olav B. Bø vart siste ordførar i Breim kommune, og vart varaordførar i storkommunen. Ved den store kommunereguleringa i 1965 vart Breim og Gloppen slegne saman att. Den første ordførar etter kommunesamanslåinga var prost
Johnny Bakke. Sandane vart kommunesenter i storkommunen. Her hadde kommunen bygd heradshus i 1956. Det karakteristiske tårnet gjorde at folkevittigheita kalla heradshuset for "Elias-kyrkja" etter ordføraren, Elias Faleide.
|
Møte i Gloppen kommunestyre 1994. (Foto: Asle Veien, NRK) |
Utskiljing til Eid
I 1992 vart bygdene Lote og Hennebygda på nordsida av Nordfjord skilde frå Gloppen og lagde til Eid kommune.
Dagens grenser
Idag grensar Gloppen kommune til Bremanger ved Øksenelvane, Flora ved Krokstadvatnet, Naustdal ved Gjengedalsmarka, Jølster i Våtedalen og Stryn på Utvikfjellet.