|
(Alle foto: Asle Veien, NRK) |
Vest-Karosseri A/S på Visnes i Stryn vart grunnlagt 1965. Eigarar var
Nordfjord og Sunnmøre Billag, Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane, Stryn kommune og ein del lokale investorar. Etableringa i Stryn kom etter ein drakamp med Gloppen om lokaliseringa av bussfabrikken:
Like etter 2. verdskrig var det stor mangel på bussar, og Nordfjord og Sunnmøre Billag bygde sitt eige bussmateriell. I alt vart det bygd 43 bussar i Stryn i tida frå 1946 til 1965 - før Vest-Karosseri vart starta.
Vest Karosseri var såleis ei vidareføringa av buddproduksjonen som billaget hadde drive for "eige bruk" fram til då.
Dei første åra prøve bussfabrikken seg også på andre beslekta produkt som campingvogn (det vart berre ei!) og skapbilar, men har sidan konsentrert seg berre om bygging og innreiingar av bussar på ferdigleverte chassis.
Dotterselskapet Buss Supply som driv vedlikehald og delesal, har avdelingar i Stryn, Bergen og Oslo. Med dotterselskapet, hadde Vest-Karosseri i år 2000 223 tilsette, og ei omsetning på 220 millionar kroner. Av dette 185 tilsette og omsetning på 185 millionar kroner på bussfabrikken i Stryn.
Konsernet bytte namn til Vest-Buss, og kjøpte i 2002 65 prosent i den danske bussfabrikken Scania Silkeborg med 190 tilsette. Den andre eigaren er brasilianske Busscar Omnibus. I februar 2003 gjekk fabrikken i Silkeborg konkurs.