Verksmeister
Edvard Solheim var den første som bygde bussar i Sogn og Fjordane. Solheims Verkstad vart grunnlagt i 1898 av Anders J. Solheim - før bilen kom som verkstad for hestevogner. Men då Edvard tok over i 1918, vart det bilreparasjonar. Han tok sertifikat i 1916. Frå 1948 til 1953 bygde Solheim i alt ni bussar og kombi-bilar til Firda Billag.
Frå 1954 starta Sandane Karosserifabrikk etter initiativ frå Erling Holt og Eivind Henden. Dei leigde lokale hos Solheim, og bygde seinare eigen fabrikk, der Firda Billag har dagens terminal. Her vart det bygd ialt 70 bussar, kombi-bilar og ”skap”. Verksemda vart lagt ned i 1968.
Etter 2. verdskrig var det stor mangel på bussar, og Nordfjord og Sunnmøre Billag starta difor produksjon av bussar til eige bruk i 1946. Fram til 1965 bygde dette billaget 43 bussar for eige bruk.
Då ruteselskapa i fylket på 1960-talet tok opp tanken å byggje ein stor bussfabrikk ein stad i fylket, arbeidde Firda Billag med disponent
Rolv Henden i spissen iherdig for at den skulle utviklast vidare på den fabrikken som alt var på Sandane. Etter nok ein lokaliseringsstrid mellom Gloppen og Stryn, fekk stryningane bussfabrikken
Vest-Karosseri i 1965. Her hadde Nordfjord og Sunnmøre bygd bussar på eigen verkstad sidan krigen. I Henden si tid var Firda Billag ikkje kunde hos Vest-Karosseri.