SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Industri og næring i Gloppen

Sandane er kommunesentrum i Gloppen. (Foto: NRK)
Sandane er kommunesentrum i Gloppen. (Foto: NRK)
Omtalene er ordna kronologisk etter oppstartsår:

Publisert 26.02.2002 12:34. Oppdatert 23.05.2007 07:56.

Fabrikkar og verkstader i Gloppen
Landbruket i Gloppen
Overnattingsverksemder i Gloppen
Sagbruk og trelasthandlar i Gloppen

• Handelsseta

Om aktiviteten på dei gamle handelsseta Vereide, Hestenesøyra, Sandane og Re – sjå meir under "Historia i Gloppen": Nye og gamle bygdesenter.

ENKELTOMTALAR:

Mathias Øysteinson

starta kring 1865 bokbinderi på Vereide. Han dreiv også eit lite bakeri.

Gloppen Brannkasse

vart skipa i 1875.

Småmeieria i Gloppen og Breim

Myklebust Meieri i Breim vart starta i 1876 av Jakob Myklebust. Dette vesle meieriet var det første meieriet i Nordfjord.

Gloppen og Bredheims Handelsforening

vart grunnlagt på Sandane i 1878 og starta i 1893 eige meieri som avløyste småmeieria i bygdene kring Gloppefjorden.

Anton Skarstein

starta m.a. landhandel i 1881 på Sandane, og bygde stort forretningsbygg i Sandane sentrum. Han eigde også to sjøbuer.

Gloppens Sparebank

grunnlagt 1882. Er fusjonert i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Petter Knutson Flølo

starta hesteskoproduksjon ved Storelva, men flytta i 1893 til Sandane, og bygde saman med sonen Knut P.Flølo opp ein hesteskofabrikk med seks tilsette. Dei laga også den kjende Flølo-kniven fram til 1. verdskrig. Same slekta har sidan drive Sandane Glasmagasin.

Lyslo fotoforretning

Helge W. Lyslo (1868-1952) starta fotoforretning på Sandane i 1895, etter først å ha drive nokre år i Innvik.

Breim Meieri

på Byrkjelo vart skipa av Breim Landboeforening i 1896.

Rasmus Jakobson Rønnekleiv

starta landhandel i Hyen i 1898. Han dreiv også som børsemakar og rokkedreiar.

Johan Lothe

starta landhandel på Ryggøyra kring 1900. Han tok m.a. imot mykje blåbær som vart seld vidare til Bergen og England. Butikken vart på folkemunne kalla ”Lossbutikken”, og var i drift til 1974, som den siste butikken på Sørstranda.

Ola Nilsson Rygg

starta i 1904 landhandel på Ryggøyra. I 1945 overtok eigarane av Gloppen Kloggfabrikk, (sjå denne under Fabrikkar og verkstader i Gloppen), Alf og Bjarne Rygg, og dreiv ”Knute-Ola-butikken” til den vart lagt ned i 1964.

Samson J. Vereide

starta bakeri og landhandel på Vereide i 1906 under namnet S.J. Vereide. Frå 1915 til 1969 var det telefonstasjon i huset, og frå 1949 til 1991 postkontor. Sonen Jon Vereide overtok drifta i 1944 og utvida bakeriet. I 1950 vart det bygd ny butikk ovanfor riksvegen. Sonen til Jon, Steinar Vereide, tok over i 1982. Jon Atle Vereide, sonen til Steinar, starta kafé og bakeriutsalet Bakaren på Sandane i 1996.

Kristen Kleppe

starta landhandel på Byrkjelo i 1908. han dreiv også bakeri og slakteri på eigedomen. I det store Kleppe-huset låg der Breim Meieri seinare bygde. Han overtok også eit hotell som Jørgen Grønfur hadde bygd litt lengre vest i det nye bygdesenteret ved brua. Kristen Kleppe la ned både butikk og hotelldrift då han gjekk konkurs, og hotellbygget vart rive og flytta til Stardalen.

Gloppen Meieri

på Sandane vart skipa i 1908, då det avløyste meieriet som Gloppen og Bredheims Handelsforening hadde starta i 1893. Gloppen meieri var i drift heilt til stormeieriet på Byrkjelo vart bygd i 1996. Meieritomta på Sandane har sidan vorte nytta til Sandane Senter (sjå dette - startår 2001).
Gloppen meieri

Erik E. Rønnekleiv

starta bakeri på Straume i Hyen i 1914, og utvida seinare med landhandel. Sønene Eilev og Sverre Rønnekleiv kom med i forretningsdrifta då butikken vart utvida i 1939 og dreiv den sidan under namnet E.E. Rønnekleiv Eftf. Butikken vart utvida i 1979. Sonen til Sverre, Eldar Erik Rønnekleiv og ektemaken Tone Elisabeth Rønnekleiv, tok over butikken i 1985, og utvida og gjekk over til sjølvbetjening i 1998.

Gloppen Elektrisitetsverk

skipa 1914 – sjå artikkelen Kraftsenteret Sandane.

Sandane glasmagasin

- sjå Petter Knutson Flølo, 1893.

Johan Myklebust

starta bakeri på Byrkjelo i 1919. Han heldt dei første åra til i kjellaren til A. Heimdal som dreiv eit sagbruk ved elva. I 1924 bygde Myklebust eige forretningsbygg. Brorsonen Torbjørn E. Myklebust tok over i 1936. Sonen til Torbjørn, Jon T. Myklebust, overtok i 1983 og dreiv både bakeri og butikk vidare, sidan 1990-talet som ein daglegvarebutikk i Spar-kjeda. Myklebust har m.a. satsa på sal av lokal gardsmat.

Breim Sparebank

grunnlagt 1916.

Gloppen Mølle

grunnlagt 1917 av distriktsveterinær Einar Sorterup og Ole G. Ryssdal.

Forretningsfamilien Rønnekleiv

starta landhandel ved dampskipskaia i Hyen i 1917 under firmanamn O. Rønnekleiv.

Forretningsfamilien Henden

Olav K. Henden våpen- og sportsforretning på Sandane vart grunnlagt i 1920 av Olav K. Henden.

Breim Handelslag

på Byrkjelo, grunnlagt 1920. Det leigde seg først rom i Johan Strand sitt hus på Byrkjelo, eit hus som tidlegare hadde skaffa husrom både til ein framhaldsskule og ein snikkarskule. Handelslaget bygde eigen forretningsgard i 1926, og har seinare utvida og modernisert i fleire byggesteg i 1936, 1960 og 1989.
Breim Handelslag vart seinare slege saman med Førde Samyrkelag.

Gloppen Handelslag

grunnlagt 1921. Bygde forretningsbygg ved riksvegen 1929. Bygde i 1987 stort Domus Varehus på 1800 kvm., men fekk økonomiske problem, og gjekk i 1989 inn i Førde Samyrkelag.

Breim Branntrygdelag

vart skipa i 1922.

Breim Samvirkelag

på Reed, starta 1924.

Olav Eikenæs Bok- og Papirhandel

vart grunnlagt 1915 av Olav Eikenæs. Eige forretningsbygg i 1925. Sonen Harald E. starta i 1957 kartonasje- og papirfabrikk i Sykkylven, der det arbeidde 20 personar.

Urheim Mølle

på Byrkjelo vart bygd i 1930 av Rasmus L. Bjørnereim (1878-1935) og Jakob Bjørnereim (1915–1988), og var eit framhald av ei bygdemølle som Rasmus hadde starta i 1894.

Vereide Gartneri

vart starta i 1937 av Per Vereide. Sonen Bård Vereide tok seinare over verksemda.

Albert E. Vereide

starta i 1938 slakteri og handel på Vereide, som eit framhald av faren Erik sitt slakteri. Seinare bygde Vereide stort forretningsbygg og matbutikk på Sandane – Vereide Matsenter. Denne forretninga vart seld kring år 2000. På Vereide driv verksemda framleis produksjon av kjøtvarer.

Nedre Breim Meieri

bygd på Reed i 1941 – sjå Historie, artikkelen Meieristrid og bygdespenningar.

Myklebust og Bjørnereim Bilverksted

på Byrkjelo vart grunnlagt 1946 av Johan Bjørnereim og Sverre Myklebust, frå 1950 med Bjørnereim som eineeigar. Som den første i fylket, spesialiserte Bjørnereim seg midt på 1950-talet på bilberging. I tillegg til bilberging, driv firmaet i dag bensinstasjon på Byrkjelo.

Firdakraft

vart skipa som interkommunalt selskap i 1947 og femna om Gloppen, Stryn, Hornindal. Eid og Stranda på Sunnmøre. – sjå artikkelen Kraftsenteret Sandane.

Sogn og Fjordane Kraftverk

skipa 1968 – Les meir i artikkelen Kraftsenteret Sandane.

Sogn og Fjordane Energi AS

I 1968 skipa Sogn og Fjordane fylke sitt eige kraftselskap: Sogn og Fjordane Kraftverk - seinare Sogn og Fjordane Energi. – Les meir i artikkelen Kraftsenteret Sandane.

Buss og drosje på Sørstranda

Johan Rygg frå Rygg dreiv i mange år eigne bussruter og drosjekøyring på Sørstranda i Gloppen. Firda Billag tok over rutene og to bussar i 1972.

Gloppen Fruktpakkelager

vart skipa i 1956 på Sandane av fruktdyrkarar i Gloppen. Laget bygde stort mottaksanlegg på Austrheim, seinare også fryselager for mottak av grønnsaker og bær. Gartnerhallen tok over i 1964, og la ned i 1996. Sidan har grønsakdyrkarane sjølve drive fryselageret, og Felleskjøpet har leigd deler av anlegget til langer for gjødsel og andre jordbruksvarer - sjå: Felleskjøpet Øst Vest.

Vestlandske Salslag

bygde slakteri på Sandane i 1956. Slakteriet var i drift fram til VS opna det nye regionslakteriet for Nordfjord på Nordfjordeid i 1964.

Fjordfly

Grunnlagt i 1957 av Arne Henden som det første flyselskapet i Sogn og Fjordane.

Firdafly

- sjå Fjordfly.

Ingolf Aagård

og ektemaken Kitty starta i 1957 skoforretning på Sandane. Sonen Steinar Aagård og ekstemaken Torill tok seinare over forretninga.

Gloppen Pelsdyrfôrlag

Med eigne tankbilar leverer fôrkjøkkenet på Sandane pelsdyrfôr til storparten av Sogn og Fjordane fylke.

Epir AS

papir- og kontorrekvisitaforretning, vart skipa i 1972 av bokhandlar Harald Eikenes. Verksemda gjekk i 1993 inn i S-gruppen, og heiter no S-Gruppen ASA Sandane og har utvida varespekteret til ei mengd varer som firma og instutisjonar treng til kontorhald, drift, reinhald m.m. Verksemda leverer varer til heile Sogn og Fjordane, og har i 2002 22 tilsette.

Re-Bygg AS

entreprenørfirma vart skipa i Breim i 1978 av Roald Veien m.fl. Veien vart seinare eineeigar. I 2006 sysselsette firmaet 12 personar.

SF Auto

- sjå Forretningsfamilien Henden.

Skjerdal Laks A/S

settefiskanlegg i Skjerdal ved Hyefjorden, vart starta 1985 som det første av denne typen anlegg i Gloppen. Anlegget har seinare vore eigd av Fjord Seafood-gruppa og hadde då fem tilsette og ei årsomsetning på 10 millionar kroner i år 2000. Grunneigaren Jens Skjerdal har seinare overteke anlegget.

Rødeggen Settefisk A/S

eit selskap frå Vågsøy, starta i 1985 smoltproduksjon på Ryggøyra. Anlegget heiter i dag Sande Settefisk, og er eigd av Hyen Fisk (sjå nedanfor).

Hyen Fisk A/S

og Hyen Laks A/S vart starta i Hyen i 1986-1987 av bygdefolk med Rasmus Ommedal som initiativtakar. Hyen Fisk er smoltanlegg med tre tilsette og ei omsetning i år 2000 på 8 millionar kroner. Hyen Laks produserer matfisk, hadde tre tilsette og ei omsetning i år 2000 på 16 millionar kroner. Hyen Laks eig også Sande Settefisk på Ryggøyra, og to oppdrettsanlegg på Gangsøy og i Vemmelsvik i Ytre Nordfjord.

Hyen Fisk A/S

bygde i 1986 setjefiskanlegg på Åreneset i Hyen. Eigarar Rasmus Ommedal, Kurt Djupvik og Anders Aa.

Reed Foto AS

vart grunnlagt i Breim i 1986 av Per Svein Reed.

Gjensidige Sogn og Fjordane

skipa avdeling på Sandane i 1986 i eige bygg. Finansavdelinga til Gjensidige har hatt tilhald på Sandane. – Les meir under Førde kommune om Gjensidige Sogn og Fjordane.

Hetle Auto AS

vart skipa på Reed i 1988 av Ivar Hetle og driv med sal av importerte bruktbilar. Firmaet held til i det tidlegare meieribygget. I 2005 omsette Hetle Auto for over 60 millionar kroner.

Rekroa

serveringsstad vart starta på Reed i 1988 av Åke Bakka og Ole Henriksen. Solrunn Sårheim overtok i 2000. Frå 2006 og utover har kroa hatt skiftande eigarar og har tidvis vore stengd, men Solgunn Sårheim og Freddy Brakestad pussa opp att kaféen og gjenopna den i 2007.

Antikk og Rariteter

vart starta i ein gamal låve på Gimmestad i 1991 av Åse Moen. Forretninga har utvikla seg til ei av dei største i sitt slag på Vestlandet. I tillegg driv Åse Moen selskapslokale og kunstgalleri i låven. (Sjå TV-reportasje under Sandane.)

Norsk Fjordhestgard

Fjordhestgarden driv rideskule og kurs i stell av hest, og turriding sommarstida. Den er avlsstasjon for fjordhestlaget i Nordfjord.

Nomil IKS

(Nordfjord Miljøverk) vart starta som interkommunalt eigd renovasjonsselskap av Nordfjord-kommunane.

S-Gruppen ASA Sandane

skipa 1993 - Sjå Epir 1972.

Kandal Bygg AS

vart skipa i 1991 av Anton Kandal. Byggefirmaet har oppdrag i Gloppen kommune og grannekommunane, og hadde i den sterke byggeperioden kring 2007 over 15 tilsette. Firmaet nyttar seg m.a. av produksjon av element som vert laga innandørs i eit industribygg på Elvaneset.

Yrkes- og Fritidsklær

vart starta på Sandane i 1994 av Kjell Morten Eide.

Bakaren kafé og bakeriutsal

på Sandane starta 1996 – sjå Samson J. Vereide, startår 1906.

Sogn og Fjordane Meieri

bygde i 1996 eit stort meieri til 55 millionar kroner på Byrkjelo.

Kreditkassen

starta avdeling på Sandane i 1997.

Eurofoto AS

skipa år 2000 – sjå Reed Foto AS.

Axella

er ei dataverksemd som vart starta på Sandane i 2000 av Arne Skinlo. Axella har satsa på opplæringssektoren og på web-utvikling og har m.a. ansvaret for drift av eit landsomfattande samarbeid mellom lokale nettaviser.

Sandane Senter

heiter det store varehuset på 8000 kvm. til 61 millionar kroner som opna i Sandane sentrum i januar 2001.

Tine Meieriet Vest BA

på Byrkjelo - sjå også Sogn og Fjordane Meieri.

Easy-Connect

Easy Connect. (Foto: Steinar Lote, NRK)
Dreiv telefonnummertenesta "1890", skipa avdeling på Sandane i 2001 med kring 30 tilsette. Selskapet fekk store underskot i 2003, og gjekk konkurs i oktober same år. Gloppen Utvikling AS freista å drive avdelinga vidare, men måtte seie opp dei tilsette før året var omme.

Hyen Utviklingslag

vart skipa i 2001 og arbeider m.a. for å styrke infrastrukturen og skaffe arbeidsplassar til bygda. Sentrale personar frå starten har vore Erik Hope, Ole-Matias Aa, Eldar Rønnekleiv, Aud-Kari Solheim og Margrete M. Tonheim.

Vestavind Kraft AS

vart skipa i 2005 for å samordne vindkraftplanane til eigarselskapa.

Vinmonopolet

opna utsal på Sandane i 2006.

Datasafe AS

- sjå Reed Foto AS.

SFE Naturgass AS

- sjå artikkelen Kraftsenteret Sandane.

Eurofoto International AS

- sjå Reed Foto AS.

Intele AS

- sjå Reed Foto AS

MEIR OM GLOPPEN 
Gloppen kommune

 
Aviser og media i Gloppen
Historia i Gloppen
Industri og næring i Gloppen
Kjende personar i Gloppen
Kommunehistoria i Gloppen
Krigshistoria i Gloppen
Kyrkjer i Gloppen
Samferdsle i Gloppen
Skular i Gloppen
Verd å sjå i Gloppen

 
Lyd frå Gloppen
Video frå Gloppen
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no